Utruleg nok 52

Utruleg nok 52

Livet til den narkomane Ketil blei radikalt endra, då han forstod at han trong Jesus 100%.

Tema

Tema for iTro i Juni er «Nåde»

 

«Eg er Ketil frå Bergen og er utruleg nok 52 år.» Han siktar til sitt tidlegare rusmisbruk og alt det førte med seg. «Eg har mange fengselsdommar og satt inne i ni år. I 1998 kjente eg at dette skulle eg ikkje gjera meir. Same året fekk eg gjennombrotet med vår Herre Jesus Kristus, så ordna det seg, veit du,» smiler bergensaren.

De rette vala

– Korleis vart du kristen?

«Eg har alltid hatt ei tru på Jesus, men eg har ikkje alltid levd som ein kristen. Eg har kristne, fantastiske foreldre og fekk Jesus inn med morsmjølka, men det var ikkje det eg ville. Allereie då eg var barn tok eg dårlege val, som fekk konsekvensar seinare i livet. Haldningane sidan den gong burde vore gjort noko med. No er eg veldig desperat etter å fortelje folk om rette og galne val. Rette val har gode konsekvensar i generasjonar, mens konsekvensane av dei gale vala ein har teke vil gå med ein i generasjonar.

100% Jesus

Vidare fortel Ketil om det gode valet han tok i 1998, då han oppsøkte Evangeliesenteret i Bergen for å avrusast. Han tok ikkje grep om ting i livet sitt i starten, noko som førte til «strafferunde» på Drammen Evangeliesenter etter ein sprekk.

11271064_959573394099395_412420880_n
Ketil Johnstad Foto: Privat

«Der møtte eg berre kjærleik, omfamning, oppmuntring og støtte. Leiaren hadde ein flott autoritet som ikkje gjekk ut på dominans, men på Guds kjærleik. Ho forlanga at eg tok Jesus 100% på alvor, og ikkje 99%, dersom eg skulle få vere der. Då kjende eg i hjarta mitt, at eg tok ei avgjersle der eg sa ja til Jesus – at han skulle få plass i mitt liv,” seier Ketil.

Då det sprakk

Og sidan den gongen har Jesus vore 100% inne i livet ditt?

”Nei, han har diverre ikkje det. Eg sprakk igjen etter 11 år, i 2009. Eg hadde jobb og budde saman med familien min hjå Filadelfia Drammen. At eg hadde familie gjorde dette enno meir dramatisk og alvorleg. Då eg sprakk synte kyrkja stor kjærleik. Ikkje sparka dei meg, eller kasta dei oss ut frå bustaden. Dei omfamna meg og spurte om eg trong hjelp til noko. Eg skreik til Gud om ekstra nåde, men samstundes: Nåden – den har eg allereie fått, så det er jo i utgangspunktet berre å ta den i bruk,» forkynner Ketil glad.

Det er ferdig

Kva betyr nåde for deg?

«Nåde betyr at Jesus gjekk opp på krossen og tok med seg mine synder, mine sjukdommar og mi skam, og sa «Det er ferdig». Det er nåde for meg. Det finst ikkje noko større enn å vera frelst av nåde. Synda er utsletta! Skylda er betalt!»

Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. (Jes 53.5)

Tema

Tema for iTro i Juni er «Nåde»