Trufasthet vs. utruskap

Trufasthet vs. utruskap

At utruskap kan bryta menneske ned, er både populærkultur, Bibel og høgkultur einige om. Likevel blir det ofte framstilt som noko forlokkande og mystisk og noko ein berre «må gi etter for», seier Sofie Braut.

Tema

Temaet på iTro i februar er «Ring».

«Jeg har vært min mann utro.» Slik sjokk-opna nobelprisvinnar Sigrid Undset sin litterære debut Fru Marta Oulie (1907), ein dagbokroman som slett ikkje er noko forsvar for sidesprang, men brukar den ytre spenninga og forvitskapen som utruskap appellerer til, for å dykka ned i det paradoksale ved synda.

Forlokkande, men destruktivt

Ho skin sølvaktig som ein forlokkande fiskekrok i klårt vatn, men hakar seg fort fast i den som gapar over. Får ein ikkje hjelp, ligg det ein dødeleg logikk på lur, slik også Jakobsbrevet skildrar det. (Jak 1,14-15).

Undersøkingar viser at over 26% av menn og 17% av kvinner på eit tidspunkt har vore utru.

Det startar som skjult begjær, mange i vår tid kallar slikt «harmlaust», fordi det ikkje utan vidare går ut over nokon. Jesus kalla det ikkje harmlaust, tvert om, og det er truleg derfor han skjerpar inn bodet om ikkje å bryta ekteskapet (Matt 5,27).

Han kjenner til kor fort dyrking av skjult begjær «avlar synd», det vil seia gir utslag i konkrete handlingar. I neste omgang opnar dette eit destruktivt potensiale som smakar av død.

Lev i lyset

Undersøkingar viser at over 26% av menn og 17% av kvinner på eit tidspunkt har vore utru. Då snakkar vi om seksuell utruskap. I tillegg gir det meining også å snakka om emosjonell utruskap, altså at ein kjenslemessig kjem for nær ein annan enn ektefellen.

Då vert det aktuelt for langt fleire. Det avgjerande er ikkje å vera prektig, men å leva i lyset, snakka med andre når overraskande kjensler dukkar opp, og ikkje minst: våga å vera den som stiller eit spørsmål om du ser ein ven som går for nær ein dei ikkje høyrer til.

David og Batseba

Bibelen sitt eksempel par excellance er kong David og Batseba. Historia vitnar både om det forlokkande og det dødeleg nedbrytande potensialet ved ei slik synd.

Populærkulturens uvane er å berre framstilla spelet og spenninga, utan å ta med konsekvensane.

«Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort…», skriv David i Salme 32, ei salme som er brutalt ærleg om kva uoppgjort synd gjer med eit menneske. Og det er ikkje utan grunn at Davids skildringar er konkrete og knyter seg til kroppen.

Tru er ikkje tankar og idear, men rører ved heile livet. Ein kan lesa Salme 32 som eit korrektiv til det å gjera tru til noko kognitivt. For når Guds hand ligg tungt på, då kjennest det.

Utruskap bryt ned

At utruskap kan bryta menneske ned, er både populærkultur, Bibel og høgkultur einige om. Likevel blir det ofte framstilt som noko forlokkande og mystisk og noko ein berre «må gi etter for».

Populærkulturens uvane er å berre framstilla spelet og spenninga, utan å ta med konsekvensane.

Det er ein grunn for at Gud set grenser rundt seksualitet og intimitet, for ingen menneske lever berre for seg sjølv.

Når ein vaknar opp og spenning og forelsking ligg att som ei branntomt, lengtar mennesket etter truskap, forplikting og nærleik, men kanskje utan å kunna vinna det tilbake.

Gud set grenser av ein grunn

Det som «berre handla om to vaksne menneske», påverka så mange fleire og så mykje meir. Det er ein grunn for at Gud set grenser rundt seksualitet og intimitet, for ingen menneske lever berre for seg sjølv. Bodet om å vera trufast vernar om glede og tillit.

I Undsets roman vert utruskapen til ei livssorg som nullar ut eit kvart tilløp til glede for hovudpersonen. Når mannen hennar til slutt døyr, og den hemmelege kjærleiken «endeleg kan oppgraderast», vert heller ikkje det noko av. Gleda er borte.

Om vi ser etter, avslører utruskap utan oppgjer avsendaren: Han som kjem for å stela, myrda og øydelegga.

Lightstock

Tema

Temaet på iTro i februar er «Ring».