6 tips når du skal finne partner

6 tips når du skal finne partner

Sjelesørger Grete Martinsen Yksnøy deler seks gode tips til hva man bør se etter i en eventuell livsledsager.

Tema

Temaet på iTro i februar er «Ring».

Å finne en livsledsager, nokon å dele livet med, er noko mange drøymer om, og som det er heilt naturleg å vere opptatt av. Men kva skal vi sjå etter? Kva er viktig? Kva er mindre viktig? Korleis lukkast?

Her er det mange ulike svar å finne, alt etter kven du spør. Men sidan eg no var så heldig å bli spurt, så vil eg kome med nokre punkt her, som ikkje er fullstendig utfyllande, men som er noko av det det er lurt å tenke over før du sei ja til å dele livet med eit anna menneske.

1. Gjer den andre deg glad?

Kanskje latterlig banalt tenkjer du, men faktisk veldig viktig når det gjeld den du skal stå opp med, og legge deg saman med, resten av livet. Det å kjenne at saman med den andre er eg glad og fri til å vere meg sjøl, det er faktisk grunnleggende viktig.

2. Trygg havn

Er den andre den trygge havna du søkjer trøst og ly hos? Å ha den andre som ei trygg base, der du henter krefter, lader, finn ro og kvile hos, slik at du toler det som måtte kome på, av livets ulike stormer og faser, – det er et viktig fundament. Om du kjenner at nei, eg må egentlig andre stader og hente dette, for å klare vere i forholdet, så er det ikkje så lurt å fortsette.

3. Felles drøm

Er det slik at de har i alle fall nokre felles tankar om kva de drøymer om? Det å drøyme saman, om ei retning, opplevelser, prioriteringar i livet, – det er med å bygge et godt fundament for forholdet. Det betyr ikkje at alle interesser må vere like, men at dei viktige djupe verdiane er felles.

4. Løyse konflikter

Korleis løyser de konflikter? Det er ikkje farlig med litt friksjon, litt konflikt, – det handlar meir om korleis det greier kome dykk ut av det. Er det slik at de eigentleg aldri blir heilt ferdig? Det blir liggende å murre? Då er det viktig å forsøke få hjelp til å finne betre måter å løyse sånt på.

5. Felles plattform

Å finne nokon som deler felles tru og verdier med deg, vil vere til god hjelp gjennom livet. Å kunne tenke likt om kva ein ynskjer gje borna sine, søke saman i bønn, gå saman i eit fellesskap, – alt dette er med å hjelpe oss til å halde saman, også når dagane blir vanskelige.

6. Å ta en bestemmelse

Til sjuande og sist, så handlar det faktisk om at ein må bestemme seg. Det å bestemme seg, og sei JA til den andre, og la den bestemmelsen holde, også når det blir tøft, – det er med å styrke grunnmuren i forholdet.

Lykke til <3 !

Lightstock

Tema

Temaet på iTro i februar er «Ring».