Apostel i dag?

Apostel i dag?

Har vi same autoritet som apostlane? Er det nye apostlar i dag?

Serie

Dette er første artikkel i serien «Tegn og under».

Ein del kristne bevegelsar og kyrkjer har i seinare tid byrja å bruke ordet “apostel” igjen, om leiarar eller om ei “apostolisk” teneste. Dette har gjort at ein kanskje kan bli litt forvirra. Kva var/er ein apostel? Kva var deira autoritet? Har vi den same autoriteten som dei hadde? Finst det apostlar i dag?

Augnevitne og tenarar for Ordet

Ut frå Bibelen kan ein seie litt om kva ein apostel var. Apostlane var utvald av Kristus, kalla av Kristus og innsette av Kristus. Dei hadde vore saman med Jesus gjennom dei tre åra, frå Johannes døypte han til han fór opp til himmelen. Lukas nemner dette “apostelkriteriet” heilt i byrjinga av sitt evangelium: “slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet.”

Han er også inne på det i starten av Apostelgjerningane. Vi ser også at det var slik dei sjølve forstod aposteltenesta – då dei skulle velje erstattaren for Judas, var det berre to menn som oppfylte alle krava, som hadde vore saman med Jesus heilt frå dåpen til himmelfarta. Mattias var den som vart vald. Mattias høyrer vi veldig lite om etter dette, og dette meiner store delar av kristenheita er fordi Gud allereie hadde valt seg ut ein erstattar for Judas, ein som dei andre apostlane ikkje hadde tenkt på – Paulus.

Paulus fekk eit heilt spesielt møte med Jesus, der han fekk sitt apostelkall. Men i Bibelen kan vi sjå at det tydelegvis var mange som ikkje trudde Paulus kunne vere apostel, med si historie. Difor ser vi at han til stadigheit i sine brev må forsvare si stilling som apostel. Legg merke til korleis han ofte i innledninga til breva sine påpeikar at han er apostel, i tillegg til at han forsvarer det elles, til dømes i 1 Kor 9,1: “Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?”

Den autoriteten dei fekk frå Gud var større enn den som er gitt “vanlege” menneske

Kva autoritet hadde apostlane? Var dei supermenneske? Nei, vi kan sjå at Peter vart irettesatt av Paulus – dei var fortsatt menneske. Men kyrkja har alltid sett på apostlane som grunnleggjande openberringsberarar. Eit tungt uttrykk kanskje, som vil seie at den autoriteten dei fekk frå Gud var større enn den som er gitt “vanlege” menneske: “Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.” (Luk 10,16)

Apostlane hadde ein heilt spesiell autoritet og mynde til å forkynne det Jesus gav dei gjennom sin Heilage Ande, og det er den bodskapen vi har i våre biblar. Gjennom apostlane talar Jesus sjølv til oss. Vrakar vi dei, vrakar vi Jesus, og dermed også Gud.

Vi har fått autoritet til å gå med den bodskapen som dei kom med

Kva så med oss? Har vi den autoriteten som apostlane hadde? Er det nye apostlar i dag? Nei. Men vi har fått autoritet til å gå med den bodskapen som dei kom med. Vi er “oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.” Om dei første kristne kan vi lese at dei heldt seg trufast til læra frå apostlane.

Apostlane oppfordrar oss til frimod! Vi har fått ein Bibel som er innblåst av Gud, og når vi går med den bodskapen veit vi at vi går med Kristi eige ord, han som gav apostlane det dei forkynte, han som har all makt i himmelen og på jorda. Så la oss gjere som Paulus oppmuntrar Timoteus til: Forkynn Ordet!

Foto: Missional Volunteer @ flickr