Margen i kladdeboka og i livet

Margen i kladdeboka og i livet

Margen i kladdebøkene er til for at læraren kan gi tilbakemelding. Som kristne treng vi òg å ha "ein marg" i livet, så Gud kan rettleie oss.

Då eg gjekk på skulen, fekk vi alltid kladdebøker utdelt som vi skulle gjere lekser i. Nokre av dei hadde ruter, og nokre hadde linjer, alt etter som vi skulle skrive eller rekne. Men det var noko felles med alle kladdebøkene: Dei hadde, eller skulle ha, marg.

I starten forsto eg ikkje heilt kvifor det skulle vere så viktig å lage denne margen. Den gjorde jo berre at det vart mindre plass til å skrive på!

Lærarens kommentarar

Etter kvart forsto eg meir og meir kva funksjon denne margen hadde. Margen er mellom anna til for at læraren kan kome med kommentarar når han retta leksene. Av og til sto det «bra», andre gonger sto det «hugs komma», eller noko anna.

Hadde det ikkje vore marg og litt luft mellom linjene, hadde det ikkje vore plass til læraren sine tilbakemeldingar, og eg hadde nok aldri blitt særleg flink til å skrive eller rekne.

Guds rettleiing

Som kristne treng vi òg å ha ein marg i livet. Det er så altfor lett å fylle opp livet til randen av aktivitetar og planar. Dagane kan fort gå i eitt, ja, så travelt at ein knapt rekk å gå på do. Då blir spørsmålet: Korleis skal då Gud kunne kome med sine tankar og tilbakemeldingar i liva våre?

Dersom vi alltid er opptatt, korleis kan vi høyre Guds stemme? Dersom vi aldri set oss ned med Bibelen, korleis kan vi lære Jesus å kjenne? Dersom vi aldri ber, korleis kan vi utvikle relasjonen med Gud?

Vi må ha luft i liva våre. For Gud ønskjer verkeleg å vere vår lærar, vår rettleiar i livet. Det kan vi mellom anna lese om i Salme 32,8:

«Eg vil gjere deg vis og lære deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd».

 

Korleis kan du lage ein marg i livet ditt? Svaret på det spørsmålet er viktig, for ein ting er sikkert: Du vil aldri klare å vere kristen aleine. Du treng Guds hjelp.

John Olav Selstø