Ein disippel har disippelvenner

Ein disippel har disippelvenner

Vennskap kan vera meir enn fotball, taco og fnising.

Tema: Venner

Temaet på iTro i august er «venner». Ingebjørg Hauhge er 25 år, og jobber på Fjellhaug internasjonale Høgskole.

Når eg er saman med venninnene mine kan me utan trøbbel bruka ein heil kveld på å analysera ei melding. Kanskje ikkje ei heil melding ein gong, men ei setning. Eller eit smilefjes. Kva som helst eigentleg, så lenge det har kome frå ein spennande gut til ei av oss.

Me må alle meina, tenka, analysera og vurdera kva han eigentleg meinte med det. For han sender jo alltid vanlege smilefjes, kvifor kom det plutseleg eit blunkefjes? Og han hadde jo satt seg berre to plasser unna i kantina her om dagen.

Eg treng venner

De kjenner dykk igjen, jenter. Eg trur ein del gutar veit kva eg meiner også. Og eg trur alle, uansett kjønn, kjenner igjen det at ein kan bruka utruleg mykje tid på nokre ting når ein er saman med vennene sine. Som smilefjes. Eller overgangsvindu. Eller sladder. Eller leksestress. Eller instagram. Eller gitarforsterkerar. Eller frimerker. Eller drømmereisemål.

Eg er takksam for venner. Og for tida og tryggleiken til å gjera ting saman med vennene mine utan at det produserer noko eller er fornuftig. Eg treng å ha slike luker i kvardagen. Eg treng å sitta under eit pledd med gjengen rundt meg og sjå The Voice. Eg treng å fnisa av og til. Eg treng å gå tur og drøfte verdsproblem seint om kvelden når eg eigentleg burde ha lagt meg for lenge sidan.

Venner og søsken

Men eg trur  vennskap kan vera meir enn det. Eg trur me mister noko dersom me stanser der. Eg trur Jesus vil at det skal vera meir enn det. Og det Jesus meiner om relasjonane mine er ofte lurt å lytta til. Alltid, faktisk.

For Jesus har gitt oss venner. Ikkje berre venner, han har gitt oss søsken. Søsken i han. Når me trur på han er me i familie med alle som trur på han. Det gir oss eit band til og eit ansvar for å bry oss om alle kristne i verda. Og det gjer at me ikkje berre er venner med dei kristne vennene våre. Me er søsken. Og det viktigste me har felles er at me er kristne.

Dette ønsker eg at skal prega vennskapa mine. Eg ønsker at det skal prega samtalane våre, prioriteringane våre. At me ikkje berre skal vera fotballvenner, korpsvenner og fnisevenner, men at me kan vera bønnevenner, bibelvenner og snakkomtruogtvilvenner. At me kan dela det største me har. At me kan øva oss saman på å snakka om Jesus, slik at me veit kva me skal seia når dei som ikkje er kristne spør. At me kan be for og med kvarandre.

Gjer det konkret

Og du, snakk  med vennene dine om dette. No, snart. Det kan kjennast kjipt å vera den som avbryter praten eller planlegginga for å flytta fokus til Jesus. Dersom alle er med på tanken er det lettare. Lettare å hugsa det og lettare å gjera det. Begynn med ein venn. La det voksa.

Dette må bli konkret. Her kjem nokre tips til korleis vennene dine kan bli meir enn berre venner.

  • Les eit kort andaktsstykke når de har vore saman ein kveld.
  • Analyser eit bibelvers i staden for ei melding.
  • Avtal å møtast ein gong i veka for å be saman.
  • Høyr på kristen musikk når de har hengekveld.
  • Dersom de går i samme menigheit: snakk saman etter møtet om det talen handla om.
  • Lag bibelgruppe saman.
  • Spør kvarandre om korleis det går med livet med Gud.
  • Sett av tid til å søka på «hverandre» på bibel.no og lesa om alt me som kristne skal gjera for kvarandre.
  • Snakk om korleis de kan setta dette ut i livet.
  • Bruk vennetida til å tena andre.
  • Dra på ein sjukeheim saman og snakk med dei gamle. Inviter nokon som ikkje har så mange venner til å henga med dykk. V
  • ask huset til nokon som treng det.
  • Stikk innom eit barnelag.
  • Reis på venneferiar med meining. Kva med å bli med på ein tur med Åpne Dører?

Kanskje har du fleire tips? Del dei gjerne i kommentarfeltet under.

© CandyBox Images - Fotolia.com

Tema: Venner

Temaet på iTro i august er «venner». Ingebjørg Hauhge er 25 år, og jobber på Fjellhaug internasjonale Høgskole.