Kjærleiken frå Gud er skapt for å bli delt med andre

Kjærleiken frå Gud er skapt for å bli delt med andre

Gud ber oss om å løfte blikket opp frå oss sjølv.

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om ulike sider ved misjon, som misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband.

Av og til kan ein kome i det hjørnet at ein lurar litt på kvifor i all verda det er så mykje snakk om misjon.

Forbønn, gjevarteneste, misjonærkall og alt anna som høyrer med. Det høyres jo veldig flott ut, men kvifor gje det så mykje fokus? Er ikkje kristendommen først og fremst ein relasjon mellom meg sjølv og Gud?

Ein relasjon full av kjærleik frå Gud

Det stemmer at kristendommen er ein relasjon mellom deg og Gud. Nokon kallar det eit venskap. Vi er så heldige at vi tilhøyrer ein Gud som vil ha med enkeltmenneske å gjere. Ein som bryr seg om akkurat deg. Han veit om når du sit og når du står, og han har lagt ferdig ein plan for livet ditt.

Du kan alltid kome til han med alt du ber på, anten det er uro, forventning, sorg, bekymringar, takk, glede, synd, eller kva som helst anna. Det er ein god relasjon, og den er full av kjærleik frå Gud.

Gud lar deg kome som du er, men Han lar deg ikkje forbli den du er

Men relasjonen mellom deg og Gud handlar om noko meir. Eg høyrte ein talar som sa at Gud lar deg kome som du er, men Han lar deg ikkje forbli den du er. Det vil seie at relasjonen mellom deg og Gud handlar om å bli prega av Han, å bli påverka av Han.

Romarbrevet 12,2 seier at vi skal la oss omskape. Det skjer ein aktiv handling frå Gud inn i våre liv når vi les og høyrer Guds ord (Bibelen) forkynt.

Gud vil at vi skal leve i ein tett relasjon med Han, men han ber oss òg om å løfte blikket opp frå oss sjølv. Kjærleiken vi har fått tatt imot gjennom at Jesus døydde på korset for oss er ikkje berre for nokre spesielt utvalde. Jesus døydde for alle!

Korleis kan vi halde dette for oss sjølv når Gud sjølv seier at han vil at alle skal bli frelst? Unner vi ikkje fleire å få oppleve kor godt det er å vere eit Guds barn, og få ein billett til himmelen?

Bibelen er ikkje ein buffé

Eg skreiv tidlegare at det å vere i ein relasjon med Gud handlar om å bli prega av Hans ord. Dessverre er ikkje Bibelen ein buffé der ein kan velje kva ein vil ta med og kva ein vil utelate. Dersom du vil leve i ein relasjon til Gud, vil òg desse orda bli gjeldande for deg:

Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matt 28,18.20)

Her blir påstanden om at kristendommen er ein privatsak brått ugyldig. Kjærleiken frå Gud er skapt for å bli delt med andre.

Og med dette står utfordringane i kø: Tør du å dele? Tør du å bevege deg ut frå komfortsona? Tør du å vere misjonær? Berre hugs på dette: Du går aldri aleine.

Tom Parsons / Unsplash

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om ulike sider ved misjon, som misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband.