Livet som eittåring i Mongolia

Livet som eittåring i Mongolia

Alle gongane eg går utforbi tomta blir eg minna på at eg er i eit anna land.

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om ulike sider ved misjon, som misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband.

Her vil du bli bedre kjent med ettåring Miriam Ålen.

No er tida mi som eittåring i Mongolia snart over, dessverre. På mange måtar har året her vore som eit år i Noreg, men samstundes er det mykje som er annleis. Alle gongane eg går utforbi tomta blir eg minna på at eg er i eit anna land. Så korleis er det å vere eittåring i Mongolia?

Utfordrande med språket

Som eittåring i Mongolia har eg vore lærar for tre norske misjonærborn. Arbeidsdagane er ikkje så lange og dermed har eg ein del fritid. Eg har brukt og brukar ein del tankar på korleis eg skal bruke fritida mi.

I byrjinga var det veldig vanskeleg å vite det, sidan eg ikkje hadde venar utanom dei norske som bur her. Grunnen er at mongolera generelt ikkje kan engelsk, og mongolsk er eit veldig vanskeleg språk. Så i starten brukte eg ein del tid på å be om å få venar og om visdom til å prioritere tida mi godt.

Bønesvar

Ein dag etter at eg hadde komt tilbake frå juleferie i Noreg, fekk eg eit konkret bønesvar. Sjølv om det ikkje kom før etter jul, så trur eg at Gud har svart meg på måtar som eg ikkje kan sjå klart, for trivselen var god før jul óg.

Dagen etter jul kjente eg at eg skulle gå på ein kafé i Khovd. Kaféen var nesten full, med unntak av eit bord, og eg vurderte å snu i døra, men gjekk inn og sette meg. Etter meg kom det to damer som ikkje fekk eit bord og som heller ikkje ville sitje med meg. Dermed flytta ei jente seg bort til meg, slik at dei fekk bordet hennar.

Det viste seg at ho kan engelsk for ho studerar til å bli engelsklærar og ho er akkurat like gamal som meg. Det er gudfeldig!

No treffer eg denne jenta nesten ein gong i veka. Det som også var ganske interessant var at i den første samtalen der på kaféen kom vi inn på tru.

Ho tilhøyrer sjamanismen og fortalte meg om det, medan eg fekk fortelje om Jesus.

La Gud lede deg i kvardagen!

Eg trur det å bu i Mongolia og det og bu i Noreg kan ha mykje til felles. På same måte som det er vanskeleg å prioritere tida mi her, så trur eg at det kan bli vanskeleg når eg kjem tilbake til Noreg. Det handlar om å be Gud om å leie oss i kvardagen og vere open for kva Han vil gjere.

Den opplevinga eg hadde med venninda mi, vil eg seie er ei unik oppleving for det er ikkje noko som skjer kvar dag. Det var også eit konkret bønesvar som eg fekk oppleve. Eg har i tillegg opplevd mykje anna godt som eg trur Gud har gjeve meg utan at eg konkret kan setje fingeren på kva det er.

No når eg kjem tilbake til Noreg, so vonar eg at eg kan hugse å søkje Gud og spørje Han om veiledning i kvardagen. Det er vanskeleg å hugse på det i Mongolia og det kjem til å bli vanskeleg å hugse på det i Noreg óg.

Privat

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om ulike sider ved misjon, som misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband.

Her vil du bli bedre kjent med ettåring Miriam Ålen.