Frelsesvisshet handlar om meir enn eit håp – det handlar om å vite

Frelsesvisshet handlar om meir enn eit håp – det handlar om å vite

Å vere trygg på at ein er frelst handlar ikkje berre om det som skjer i det indre livet, men også om konkrete ting.

Tema

Tema på iTro i november er «håp».

Denne saken har blitt publisert tidligere og er gjengitt med forfatters tillatelse, med noen endringer.

Jesus og korset og evangeliet og sånn, det har eg brukbart greie på. Men mitt indre, åndelege liv (sterke ord) – der er det dårlege greier. Det kunne eg trengt å lære meir om. Bli meir trygg, på ein måte.

Mange tenkjer slik om frelsesvisshet (eller frelsesvisse på godt norsk).

Då har eg sett for meg ein livredd mann midt ute på ei hengebru, med ein avgrunn under seg. Kva treng han å bli trygg på? Sitt indre liv??

BRUA! Han må få vite om brua er i orden! Godkjend for så tunge folk som han, kontrollert, testa. Psykologi er gull verd, men kom ikkje utpå her med ein psykolog som skal snakke om mitt indre liv!

Å vere trygg på at ein er frelst handlar også om konkrete ting. Indre liv? Ja, men det er ikkje det som held. Jesus har bygd ei BRU til himmelen. Du kan flytte heile tyngda av livet ditt over på det han har gjort. Då er du frelst. Den brua held. Og får du kunnskap i Bibelen om korleis han bygde, då blir du trygg. «Dette har eg skrive til dykk for at de skal VITE at de har evig liv, de som trur på Guds Sons namn.» 1.Joh 5,13. Du og mannen på brua har det nokså likt:

FOR Å BLI VISS MÅ DU VITE, det er ikkje nok å føle.

Og her er faktisk ting du kan vite. Bibelen gir heilt konkrete opplysningar om kva Gud har planlagt og gjennomført for å bygge brua for oss og opne vegen tilbake til han. Den bodskapen kallar vi evangeliet. Når du høyrer det, blir du trygg. Haldepunktet for ditt redde hjerte blir ikkje følelsane dine, men ORDET HANS. Altså det han har gjort.

Det andre eg vil du skal vere viss på, er Bibelen.

Er Bibelen full av feil og manglar, blir du ALDRI trygg. Men er alt sant, då er det nesten for godt til å vere sant! «Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud» 2.Tim 3,16. Jesus om Det gamle testamentet: «Kor seine de er til å tru ALT det profetane har tala!» Luk 24,25 Jesus om Det nye testamentet som apostlane skulle skrive: «Sanningsanden skal leie dykk fram til HEILE SANNINGA» Joh 16,13

Det tredje du treng bli viss på, er at du er ein syndar.

Du har alt som skal til for å gå evig fortapt. Som å hoppe på sjøen med alle jakkelommer fulle av stein. Merk at Bibelen har 2 – to bodskapar: Begge handlar om di frelse. Den eine heiter GUDS LOV. Det er den som lærer deg at du er ein syndar. Ordet kastar LYS inn i hjertet ditt. Då kan du nok leve etter Guds vilje – med ytre handlingar. Men så krev lova at hjertet må vere reint. Heilt inn, om Gud skal velsigne deg! Lova tek frå deg håpet.

Då viser Gud deg den andre bodskapen. Det er EVANGELIET. Det kastar lyset på Jesus! Han har alt som skal til for at du skal bli frelst. Lova seier «gjøre». Evangeliet seier «HØRE»! Du kan høyre deg frelst. Det er det Bibelen kallar å bli frelst ved tru. Gal 2,16! Høyre og tru og takke for at Jesus har gjort alt du skulle gjere.

Ein siste ting du kan vere viss på: Dette klarer du ikkje å finne ut sjølv.

Å finne vegen til himmelen sjølv, er som å vere ny og uten språk i Kuala Lumpur og finne vegen med bind for augene til Jalan Imbi nr 16. Tenk for ein forskjell om du då fekk halde handa til ein som kjenner både deg og vegen. Det er nettopp det Jesus vil når han seier til deg: Eg er vegen.. (Joh 14,6). Den Heilage Ande sitt arbeid er å lyse opp Guds Ord, så menneske får sjå seg sjølv – og Jesus. Og gir han handa..

Godt lesestoff: Rom 5,1-11

 

Tema

Tema på iTro i november er «håp».

Denne saken har blitt publisert tidligere og er gjengitt med forfatters tillatelse, med noen endringer.