– Viss planen til Gud var at me skulle få ha fellesskap med han i Himmelen, kvifor skapte han oss ikkje berre direkte dit?

– Viss planen til Gud var at me skulle få ha fellesskap med han i Himmelen, kvifor skapte han oss ikkje berre direkte dit?

Dagne Sæland reflekterer over hvorfor vi ble skapt i denne verden.

Trosforsvar

Trosforsvar, eller apologetikk, handler om å forklare kristendommen i møte med aktuelle spørsmål, innvendinger, myter og livssynsalternativer.

Av og til ser me til livet vårt og spør oss sjølv kvifor det må vere så vanskeleg.

Kristendomen gjev oss håp i løftet om eit evig liv i Himmelen saman med Gud. Men viss planen til Gud uansett var at me skulle få ha fellesskap med han i Himmelen, kvifor skapte han oss ikkje berre direkte dit så me slapp alt dette slitet fyrst?

 

«Gud såg at det var godt»

Då Gud skapte verda slik det står i 1. Mosebok, skapte han alt godt og i perfekt samspel med kvarandre. Han vandra sjølv omkring saman med dei fyrste menneska, og dei levde i ein tett relasjon slik det var meint å vere.

I utgangspunktet kunne dette ha vore den lukkelege slutten på forteljinga, men éin faktor gjer dette ein smule meir komplisert: Gud ønska ein gjensidig kjærleik, men ekte kjærleik kan ikkje kome frå tvang. Difor skapte han oss med fri vilje.

 

Kunnskapens tre

I Skapingssoga er dette illustrert med treet til kunnskap om godt og vondt. Hagen fløymde over av alle slags gode frukter, men i tillegg skapte Gud eit tre menneska ikkje fekk ete av.

Dei klarte likevel ikkje å halde seg unna, og i det dei tok ein bit, valde dei sine eigne ønske over Gud og kva han hadde sagt var godt for dei.

Gud visste at dette kom til å skje, men likevel lét han det stå til. Alt fordi han ønska ein genuin kjærleik og fordi han visste at for å velje det gode, måtte me også få høve til å velje det vonde.

 

Himmelen

Men dette reiser endå eit nytt spørsmål. Også i Himmelen må me ha fri vilje, dersom forholdet mellom oss og Gud skal vere gjensidig og genuint. Korleis kan ein då unngå at det som skjedde sist, skjer på nytt?

Den fyrste delen av dette svaret handlar om kor fokuset vårt vil vere. I ei verd der alt er godt og ingen manglar noko, vil motivet for å synde heller ikkje vere der.

Det er ingenting ein kan ønske seg meir av, og ein kjenner ikkje lenger på ønsket om stadfesting frå nokon andre eller noko anna enn Gud. Slik vil me ikkje lenger vere vendt mot det vonde, men naturleg mot det som er godt.

 

Vårt val

Den andre delen av svaret finn me i livet her på jorda – og her kjem Jesus inn i biletet. Sekundet Gud fekk vite at Adam og Eva hadde ete av det forbodne treet, sette nemleg Gud i gong frelsarplanen sin.

Han ønska oss tilbake, og gjennom Jesus kunne me få tilgjeving for skulda vår og bli frelste av nåde.

Valet ligg då hos oss, om me vil erkjenne at me treng Gud og ta i mot tilgjevinga, eller la vere; svare «ja» eller «nei» til eit evig liv saman med Gud. Slik vil valet vårt her i dag få følger for det livet me trur kjem etterpå.

 

Gud går ikkje med på kompromiss

Årsaka til at me ikkje vart skapte direkte inn i Himmelen, er det berre Gud som kjenner fullstendig. Me kan likevel forvente at han heller ikkje her har gått for noko enkel og halvveges løysing.

Me misbrukte fridomen vår i Edens hage, men gjennom livet på jorda har me fått eit nytt høve til å velje Gud og nyte eit fullkome Paradis utan manglar og synd.

Der ligg nøkkelen: hadde gud skapt oss direkte inn i Himmelen, kunne me aldri ha vald Gud bort eller for den saks skuld vald han. Det har me derimot høve til no.

Kva vel du?

 

Miroslav Boljevic, Laget NKSS

Trosforsvar

Trosforsvar, eller apologetikk, handler om å forklare kristendommen i møte med aktuelle spørsmål, innvendinger, myter og livssynsalternativer.