Det er kun Jesus som verkeleg kan sløkke tørsten vår

Det er kun Jesus som verkeleg kan sløkke tørsten vår

– Først når eg snudde meg til Jesus opplevde eg ein djupare helbredelse i hjartet, forteller Victoria Maria Santistevan (17).

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Ein av mine favoritthistorier i Bibelen finn vi i Johannesevangeliet kapittel 4. Jesus møter ein samaritansk kvinne ved ein brønn. Ho skal hente vatn og Jesus spør henne om å få litt å drikke. Kvinna vart forundra, og spurte Jesus korleis Han som jøde, kunne snakke med ho og spørje om drikke.

Levande vatn

Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om å drikke, så hadde du bede Han, og Han hadde gjeve deg levande vatn.»
Johannes 4,10

Kvinna spurte Jesus kvar Han skulle fått det levande vatnet frå.

Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet Eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet Eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»
Johannes 4,13-14

Kvinna ønskjer dette vatnet. Om ho får det, slepp ho tørste og må ikkje lenger komme for å hente vatn.

I samtalen og orda Jesus gav kvinna fekk ho drikke av det levande vatnet

Ho bed Jesus om det, og Jesus fortel kvinna ting frå hennar eige liv.
Jesus openberrar til kvinna at Han er den Messias dei hadde venta på. I samtalen og orda Jesus gav kvinna fekk ho drikke av det levande vatnet.

Ekte trøyst

I mitt eige liv, har eg både lært frå og tatt til meg denne historia. I vanskelege livsperiodar har eg lenge søkt trøyst i verda gjennom trist musikk og sorgfulle dikt. Eg fant trøyst i å kjenne på sorga som musikken og dikta gav meg. Eg smakte denne verdas vatn, men tørsta fort igjen.

Trøysta eg fekk gjennom triste songar og dikt var ein midlertidig fiks. Det gav falsk trøyst som aldri verkeleg trøysta. Det var nemleg kun Jesus som kunne sløkke tørsten.

Først når eg snudde meg til Jesus opplevde eg ein djupare helbredelse i hjartet. Det var ikkje forma for trøyst eg lengta mest etter, men det var den eg trengde. Det var levande vatn.

Radikalt forandra

«Kom, så skal de få sjå ein Mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan Han vera Messias?»
Johannes 4,29

Kvinna henta vatn i den tolvte time – midt på dagen. Å reise på denne tida av døgnet var svært varmt, og ikkje vanleg. Kanskje ho haldt avstand frå andre? Kanskje kjende ho skam og vart utstøytt av dei rundt ho?

Som kristne, kan det vere lett å bli slukt opp av skam- og skuldkjensler. Kanskje ein gløymer den store nåden vi er gitt. Mange kjenner seg også ofte utstøytt og uønskt.

Midt i vårt kaos er Han der

Jesus møter kvinna der ho er. Midt i kaoset hennar. Han støytar ho ikkje vekk, men Han blir. Jesus står også her med oss. Midt i vårt kaos er Han der.

Når vi lar Jesus arbeide i hjarta våre skjer det forandring. Kvinnas liv blei radikalt forandra i møtet med Jesus. Ho som hadde reist aleine, midt på dagen, for å hente vatn, let no vasskrukka hennar liggje igjen og gjekk rett inn i byen for å fortelje alle om kva ho hadde opplevd.

Eg seier også: «Kom og sjå!». Sjå kven som kan sløkke tørsten og som er redninga. Kom til Han. Han sløkkar verkeleg tørsten, lengselen og sorga. La Jesus radikalt forandre ditt liv.

 

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene baserer seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.