Våre søsken søppelplukkarane

Våre søsken søppelplukkarane

– Å jobbe med søppel er for skittent for ein muslim, og dermed er det eit arbeid som myndigheitene for lenge sidan utelukkande gav til dei som har valt å følje Jesus, fortel Lisa Obrestad som i vår var tre veker i Nord-Afrika med bibelskulen Fjellheim.

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband

Etter litt over tre veker i Nord-Afrika med Fjellheim sitter eg igjen med utallege inntrykk, opplevingar og sterke historier som det er vanskeleg å setje ord på.

Kven skulle trudd at ei så kort tid kunne sette slike djupe spor i meg? Det er med ein from for ærefrykt at eg no skal prøve å finne desse orda for å skape eit lite bilete av turen som på mange måtar har forandra trua mi.

Stram lukt av søppel

Sola er på veg ned, torsdagen er snart over. Gruppa sitter i bilen og prøver å fordøye intrykka frå dagen. Vegen vert smalare og smalare, og han liknar mindre og mindre på ein veg. Asfalten vert bytta ut med grus, halvmånane med kors, og små salgsboder med søppel.

Store fjell av avfall ligg på begge sider av den holete vegen, og den strame lukta frå søppelet siver inn i bilen. Snirklande oppover ein av de fattegaste bydelane i den største byen i Afrika, lyttar me til guiden som fortel om at alle søppelplukkarane her er kristne.

Å jobbe med søppel er for skittent for ein muslim, og dermed er det eit arbeid som myndigheitene for lenge sidan utelukkande gav til dei som har valt å følje Jesus. Lønna er minimal, og for mange dessverre fatal.

Ei kyrkje i søppelbyen

Der, midt i all enkelheit, på toppen av denne «Søppelbyen», skulle me få oppleve noko av det mest spektakulære denne millionbyen hadde å by på.

Midt imellom desse fjella av søppel låg den største kyrkja som finst i Midtausten. Ei kyrkje som kan romme 20 000. Ei kyrkje som var sprengt ut i ei fjellside.

Trass kontinuerlig med angrep møtte me ikkje ein einaste kristen i løpet av turen som let seg skremme.

Utsmykkinga var enkel, men samstundes noko av det finaste me såg på heile turen. Kjente historier frå Bibelen var sirleg skorne ut i fjellveggen. Detaljane var slåande og storleiken uverkeleg, me stod lenge å berre beundra det enorme handverket. Under kvart bilete var det rissa inn sentrale Bibelvers både på arabisk og engelsk.

Her fekk me lov å vere med på ein gudsteneste. Sjølv om alt føregjekk på arabisk og på mange måtar var fjernt og uforståeleg, følte eg ei tilhøyrsle til staden og folka. Det var mine søsken som stod der og lovprisa den same Gud som eg og har valt å følgje. Den Gud som ikkje har lova oss eit enkelt liv her på jorda.

Minnestad for martyrar

Tankane går tilbake til gårsdagen då me besøkte ein minnestad for martyrar. Der var det to rom fulle av bilete og eigendelar til medvandrarar som har mista livet i ulike angrep. Eg ser for meg den yngste jenta i rommet. Eit herlig lite smil, små søte krøller og lysande auge. Ho vart berre tre å gammal. Ho var på feil stad til feil tid.

Trass kontinuerlig med angrep møtte me ikkje ein einaste kristen i løpet av turen som let seg skremme. Dei la livet sitt i hendene på Gud og gjekk i kyrkja, sjølv om det var risikofullt. Det var heilt sjølvsagt for dei å delta i broderskapet. Medan me var der vart to kyrkjer i byen tente på, men dei var like fulle til gudstenestane neste dag for det om.

Håpet Jesus

Det er noko av det viktigaste eg lærte av våre trussysken i Nord-Afrika. Livet her på jorda vil gjere vondt, det kan vere vanskeleg, tungt og farleg. Det er skjørt og kan ta slutt i ei handvending, men det har ikkje noko å seie, fordi me som søsken har noko større. Me har noko betre i vente. Me har eit håp. Me har Jesus.

Privat

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til Norsk Luthersk Misjonssamband