Utrustingsarbeid i Tanzania

Utrustingsarbeid i Tanzania

På Vestborg samlar dei i år inn pengar til prosjekt i Tanzania.

Misjon

iTro har månedlig en sak om misjonsprosjektene ved NLMvgs-skolene.

Denne gangen er det de to prosjektlederne ved Vestborg VGS som skriver, Iselin Andrea Høgstøyl og Maria Kråkenes.

På Vestborg er det som på mange andre NLMvgs-skular vanleg at russen samlar inn pengar til arbeid i eit land der NLM driv misjon. Vi har valgt arbeid i Tanzania som vårt misjonsprosjekt, der vi ønsker å samle inn pengar til utdanning og mediearbeid. Det vart valt to personar som skulle leie arbeidet med misjonsprosjektet, og den gleda fikk altså vi! Vi skal få lov til å reise til Tanzania og besøke bibelskulen i Kiabakari, og sjå litt av det Tanzania har å by på. Det gleder vi oss veldig til!

Prosjekta våre

Vi på Vestborg skal i år samle inn pengar til desse to prosjekta i Tanzania:

Utdanning: NLM støttar bibelskulen i Kiabakari, som utdannar evangelistane i den lutherske kyrkja i Mara fylke, og dei har også ei misjonærfamilie som bur og jobbar ved denne skulen. Vi ønsker å støtte dette arbeidet, og ønsker samtidig å styrke barne- og ungdomsarbeidet i fylket med dei pengane vi samlar inn. Målet vårt er å samle inn 250 000 kroner til dette prosjektet

Mediearbeid: NLM sitt litteraturarbeid i Aust-Afrika har fusjonert med arbeidet til Dansk Luthersk Misjon (DLM), og har blitt til «Soma Biblia», eller på norsk: «Les Bibelen». Saman med DLM er vi med å gi ut eit gratis blad til prestar og evangelistar, i tillegg til barnebladet «Twende» («La oss gå»). Dette arbeidet vil vi støtte, og målet er å samle inn 100 000 kroner til dette arbeidet.

Mange aktivitetar

I løpet av året har vi mange aktivitetar som skal bidra til å samle inn pengar. Misjonsløp, misjonstivoli, russeturné, konsert, kiosk og mykje anna sprell! Russeturnéen går ut på at dei i russekullet som har lyst til å vere med, delast inn i grupper og reiser rundt i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. Der besøker vi bedehus og har møter, og kollekten går til misjonsprosjektet. Dette er ein fin måte å informere om og skape engasjement for prosjektet vårt på bedehus rundt om, i tillegg til at det er veldig kjekt! I tillegg skal vi ha eit misjonstivoli for ungane på Stranda, slik at dei kan ha det gøy og samtidig bli kjent med det arbeidet vi samlar inn pengar til.

Gjennom vårt prosjekt får vi vere med å bidra til at evangelistar og prestar blir utrusta til vidare teneste. Vil du vere med å støtte oss?

Har du spørsmål om prosjektet? Send mail til Iselin (iselin_hogstoyl@hotmail.com) eller Maria (maria@fisken.net)

Vil du gi til prosjektet? Vestborgrussen sitt kontonummer er: 3910.45.83125

Misjon

iTro har månedlig en sak om misjonsprosjektene ved NLMvgs-skolene.

Denne gangen er det de to prosjektlederne ved Vestborg VGS som skriver, Iselin Andrea Høgstøyl og Maria Kråkenes.