UP Tilbake
Den pinlige dansen

Den pinlige dansen

Betal du ikkje skulda di, kjem venane dine på tunet ditt og synge og danse til lånet vert betalt. Slik har pengekassane som gir lån til småprosjekt blitt nesten tredobla.

Siembra

Siembraer NLM Ung sitt misjonsprosjekt for ungdom. I 2012/13 skal vi i Siembra samle inn penger til Vest-Afrika, nærmere bestemt til arbeidet NLM driveri Mali og Elfenbenskysten.

Du kan foreksempel bli med på Siembra-prosjektet somfast giver.

Bergfrid Almelid er misjonære i Vest-Afrika.

Korleis kan sosiale strukturar i den lokale kulturen betre utnyttast til landsbyutvikling? Det har Youssouf Koné i landsbyen Narena i Mali tenkt mykje på.

Han møter meg  under den luftige apatammen i tunet. Stråtaket strekker seg mot bakken og skuggar for brennheit Mali-sol.

Aldersgruppa er der i glede som i sorg

– Bandet mellom medlemar  i same årsgruppe, dei som vart omskjært på same tid, er enormt sterkt, fortel Youssouf. – Opp gjennom livet hjelper dei kvarandre med bygging av ny hytte, eller når nokon skal gifte seg.

Treng nokon mekling i ekteskapet eller i konfliktar mellom far og son, så stiller årsgruppa opp. Dei er der i glede som i sorg. Og alle gruppene har eit årleg fellesprosjekt; å tene nok pengar så dei kan gå saman om å kjøpe ein okse, eller fleire. til den store festen som avsluttar fastemånaden ramadan.

– Det er flott med det sosiale, seier Youssouf, men det er ikkje bra at ein ét opp heile fortenesta på ein einaste dag i året. Ein må og tenke framover og investere for framtida – for at livet i landsbyen kan betrast.

– Aldersgruppene, understrekar han, – med sitt sterke sosiale lim, er ein stor ressurs for utvikling. Sjå berre på det som har skjedd det siste året. Nokre av aldersgruppene fekk ei lita støtte frå NLM til å starte lånekassar for medlemane. Ein startkapital på under 2000 kroner har i dag i alle kassane blitt nesten tredobla på et par år. Det er rentene, gruppa sjølv fastset nivået, og fellesjobbing som gruppa tener pengar på, som har auka lånekapitalen.

Dei er ikkje lenger berre opptatt av å tene pengar som dei kan ha fest på ein dag i året

– Sidan gruppa har  så sterke sosiale band seg i mellom, er det ingen som let vere å betale. Om så skulle skje, ville heile gruppa kome i tunet til den det gjeld, med trommer og andre instrument og synge og danse heilt til lånet vert betalt. Ei offentleg audmjuking.

– Det som er spanande, held Youssouf fram, – er at i det siste har fleire grupper bestemtseg for å bruke litt av fondet også til investering. Dei har rydda skogteigar som vil gje inntekt om 4-5 år. Dei er ikkje lenger berre opptatt av å tene pengar som dei kan ha fest på ein dag i året…

Youssouf ser på meg.

– Vi ynskjer å få til meir, seier han. Fleire lånekassar, fleire aldersgrupper som jobbar for framtida. Og vi drøymer om lese- og skriveopplæring. Dei fleste kan ikkje lese og skrive. Vi ser for oss helseopplæring av medlemane i gruppene, slik at dei kan gje kunnskap vidare i sin familie. – Vil NLM vere partnar med oss om å få til aktivitetar for ei god utvikling i Narena?

Ill.foto:  gbaku / flickr.com

Siste fra hver kategori