Oppvekst i fire land har ikkje gjort han rotlaus

Oppvekst i fire land har ikkje gjort han rotlaus

"Sakarias" knytter seg meir til opplevingar og personer, enn til stader.

Misjon

Misjonsbefalingen i Matt 28,16–20 er utgangspunktet for de fire ulike retningene NLM ung jobber i. «Ut i verden» er én av dem.

«Eg er takksam for oppveksten min», seier «Sakarias». Han er 15 år og har allereie budd i fire land. No bur han i eit land i Sentral-Asia, saman med foreldrene, som er utsendingar for NLM, og lillebroren «Daniel» på 8 år.

Eg møtte Sakarias i huset der dei bur. Han hadde nettopp kome heim frå pianoøving. Influensaen han hadde pådratt seg i Haag veka før, hang fortsatt igjen. Men han vil ikkje ta fri frå skulen.

– Eg har høge ambisjonar for framtida mi, fortel han. Eg ynskjer å gjere det beste ut av moglegheitene eg har og ynskjer å studere Genetic Engineering. Det er iallfall planane min no.

Sakarias går på ein internasjonal skule (IB) og har gjort det mesteparten av livet. – Me lærer å være internasjonale innbyggarar (international citizens), og lærer å ha respekt for andre og respektere oss sjølve.

Reiser mykje med skulen

Nyleg var Sakarias i Haag. Der deltok han, saman med 3000 andre ungdommar, på MUN (ein internasjonal konferanse i Europa), ei samling som simulerer FN.

Sakarias var utsending frå Verdsbanken, og måtte halde innlegg og prøve å få gjennomslag for sakene sine. – Det var ei veldig fin oppleving, seier han.

– Eg likte aller best det å nettverke, å møte menneske får heile verda- menneske som eg mest sannsynleg aldri kjem til å møte igjen. I tillegg var det lærerikt å få prøve seg på å presentere framfor eit stor publikum. Det var viktig å kunne argumentere godt.

Kvardagen i Sentral-Asia er både veldig lik og veldig ulike andre ungdommar sin kvardag. Lik fordi han henger med venner, ulike fordi mykje av det sosiale liv foregår på og i regi av skulen.

– Me har fag vanlegvis frå 8:30-15:30. Etter dette er det fritidsaktiviteter som kan bestå av til dømes idrett og musikk. Me får reise mykje med skulen. Nyleg var eg på fotballturnering i eit av nabolanda her.

Ikkje same krav i den norske skulen

Sakarias har prøvd det norske skulesystemet. Han gjekk på skule i Noreg i ca to år. Sjølv likar han betre slik opplegget er på den internasjonale skulen. – I Norge er det for mykje fridom i skulen. Det blir ikkje satt dei same krava, og det er synd at elevane ikkje utnytter sitt fulle potensiale.

Sakarias kunne fortelje at han ynskte å vite meir om den norske skulen han skulle gå på før han skulle begynne der, som kva fag dei hadde og kva visjonar dei hadde for undervisninga. Men alt han fann var kontaktinformasjon under kommunen sine heimesider.

Eg lurte å om han fann det vanskeleg å tilpasse seg det norske samfunnet.
– Kvifor skulle eg tilpasse meg? Eg treng ikkje tilpasse meg. Eg er meg sjølv, svarer han.

Symbolet rundt halsen

Landet i Sentral-Asia er ikkje open for tradisjonell misjon, og det kan vere vanskeleg å vere heilt open om at ein er kristen her. Sakarias forteller at dei av og til snakker om tru på skulen, men ikkje ofte.

Sjølv går han alltid med eit blankt sylvkors rundt halsen. Eit bevisst val som for han gjer det lettare å kunne svare ja på at han er kristen dersom nokon spør. Men han snakker ikkje med nokon om kva foreldrene gjer. Det er heller ikkje så viktig å snakke om kva verken hans eller andre medelevar sine foreldre gjer, meiner han.

Vener over heile verda

Som elev på ein internasjonal skule blir Sakarias nødt til å forholde seg til flyktige vennskap. Er ikkje dette litt slitsamt, ynskjer eg å vite.

– Det at ein ikkje veit kor lenge ein har venene sine rundt seg går veldig greitt. Det er ikkje vanskeleg å knytte tette band, og me held jo også kontakten dersom nokon flytter. Det positive er at eg har skaffa meg nettverk over heile verda.

Sidan Sakarias aldri har fått moglegheit til å bli vant med å bu i Norge, føler han seg heller ikkje norsk.

– Eg er ikkje knytta til Norge, og føler meg ikkje noko rotlaus av den grunn. Eg er meir knytta til opplevingar og til personane eg til ein kvar tid har rundt meg. Eg saknar eigentleg ingenting ved å bu her eg bur. Eg er veldig takksam for mulighetene foreldrene mine har gitt meg, avslutter han.

Misjon

Misjonsbefalingen i Matt 28,16–20 er utgangspunktet for de fire ulike retningene NLM ung jobber i. «Ut i verden» er én av dem.