Vennskap med Gud veks gjennom samtale

Vennskap med Gud veks gjennom samtale

– Gud ynskjer å ha ein relasjon med deg, så han vert ikkje skuffa av å bli godt involvert i dagane dine, skriv Hanna Lovise Vestbøstad.

Mitt vitensbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

I min kvardag synest eg det er vanskeleg å tenke at eg skal gjere alt til ære for Gud.

Mange synest det er lettare å takka Gud enn å be om rettleiing. For min del klarar eg betre å søkja Gud når eg kjem litt i skuggen og treng ei ekstra hand.

I Salme 46,2 står det:

«Gud er vår tilflukt og styrke, ei hjelp i naud og alltid nær.»

Les også: – Målet med bønn er ikke først og fremst at jeg skal få det jeg vil ha, men i bønnen bygger jeg et fellesskap med den levende Gud, som lengter etter meg

Lengsel etter Gud når eg er nedfor

Når me les i Bibelen kan ein ofte merke seg at Jesus ofte går til dei fattige, svake og dei som lid fyrst. Kvifor er det slik? Er det berre dei som har det vanskeleg som fortener Guds gode famn?

Som nemnd så føler eg mest på lengselen etter Gud dersom eg har det vondt eller er litt nedfor.

Det er ein tryggleikskjensle av å ha ein person å kvila på og som ser meg for den eg er. Han kjenner meg og veit kva eg treng.

I Salme 4,9 står det:

«I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, Herre, berre du let meg kvila trygt.»

Les også: Bønn handler om å komme til Gud

Lengsel etter noko større

Som eit lite born får me strekkja armane opp mot Gud for å bli løfta. Uansett kva kjensle ein har, eller situasjon ein er, er Gud til stades for å gi både trøyst og ros.

For eksempel i Salme 28,2:

«Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter hendene mine mot Det høgheilage i ditt tempel.»

Alle me menneske har ein lengsel inni oss. Lengsel etter noko større og noko betre enn oss sjølve.

I Salme 42,2 står det:

“Som hjorten lengtar etter bekker med vatn, lengtar mi sjel etter deg, min Gud.»

Snakkar med Gud gjennom dagen

I år går eg på Bibelskulen Fjellhaug og her har eg kome nærmare Gud på mange ulike måtar.

Ein av dei er at eg har forstått at eg kan snakke me han uansett kva situasjon eg er i. På morgonen kan eg gjer meg klar til ny dag samtidig som eg snakkar med Gud om kva eg skal gjere i løpet av dagen.

Eksempel på ting er:

  • ein kort bønn over bilturen ein skal ut på
  • flyturen ein skal ha heim
  • alt eg skal få gjort i løpet av dagen

Gud ynskjer å ha ein relasjon med deg, så han vert ikkje skuffa av å bli godt involvert i dagane dine. Dette har endra mykje i kvardagen min, og ikkje minst senka terskelen av å seie ei lita bønn.

Les også: Hva er egentlig bønn?

Vennskap med Gud veks gjennom samtale

Det å ta Gud inn i kvardagen på slike måtar trur eg er avgjerande for forhaldet me har til Gud. Det er kraft i bønn, men det er også kraft i samtale.

Eg snakkar ikkje berre om samtale med medmenneske, men og samtale med Gud.

Eit sitat eg stal frå søstera mi, Olga, var «Vennskap med Gud veks gjennom samtale», og det vil eg verkeleg strekkje meg til.

Mitt vitensbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.