Våger du å vere mann?

Våger du å vere mann?

Det er svært mange meiningar om korleis menn skal vere. Men korleis er mennene som vi ser i Bibelen?

Guttesnakk

En gang i måneden er det Guttesnakk her på iTro.no

Arne Meier er nå student i Bergen, han har tidligere jobbet som ungdomsarbeider i NLM Region Nordvest.

Det er lett å føle at ein som mann skal gå bestemt, med heva bryst gjennom gangane på skulen. Ofte har eg tenkt at eg som mann må vere målbevisst, klar på kva eg meiner og samtidig beskyttande. Dette er jo eigentleg «gammaldags». Eit lite søk på internett på «How to be a man» gav meg overraskande mange treff – Google kom fram til 366 millionar. Det er altså svært mange meiningar om korleis menn skal vere. Men korleis er mennene som vi ser i Bibelen?

Om vi ser litt på forskjellige menn vi møter i Bibelen, kan vi fort sjå at dette ofte er menn som er ikkje er spesielt høge på seg sjølv.
Moses, ein svært sentral leiar i Bibelen var ikkje klar for å vere ein leiar. I 2.Mosebok Kapittel 4:10 får vi lese at Moses hadde eit dårleg sjølvbilete, og skjønte lite av kvifor Gud ville bruke han. Moses sa seg likevel villig, såg mot Gud og stolte på at Han skulle fikse resten. Å gå fullt ut for Gud kravde nok mykje av Moses, dette var inga enkel sak!

Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.» Då sa Herren: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? Gå no! Eg skal vera med din munn og læra deg kva du skal seia.»  (2. Mos 4,10-12)

Kva skal vi menn i 2018 tenke? Kven skal vi sjå opp til i vår reise til å bli ekte menn?  Eg trur at svaret på dette alltid er Jesus, utan tvil! Ingen var så innflytelsesrik, kjærleg, kul og ekte som Jesus.

Kul? Jesus gjekk seg ein roleg tur på sjøen, i staden for å ta båten, slik alle andre gjorde. Det er ingen som kan måle seg med Jesus. Han var ikkje særleg høg i hatten, men var audmjuk heile livet. Han vendte seg stadig til Gud, og søkte alltid Herren.

Dette er det vi kan streve mot for å bli betre menn:

  • Vere audmjuke, alt vi har fått er ei gåve frå Gud!
  • Søke Jesus først, alltid.
  • Tene andre og være gavmilde med det vi har fått.

Ikkje gløym at korleis du er, eller korleis du opptrer ikkje endrar på verdien din, eller kven du er i Guds augo! Han elskar deg framleis like mykje, også når du føler at desse tinga er uoppnåelege for deg. Rett blikket ditt mot Jesus, så vil Han hjelpe deg.

 

 

Guttesnakk

En gang i måneden er det Guttesnakk her på iTro.no

Arne Meier er nå student i Bergen, han har tidligere jobbet som ungdomsarbeider i NLM Region Nordvest.