Singel

Singel

Er det forferdeleg å vera singel? 

Serie

Ingvald Andre Kårbø er lærer på Fjellheim Bibelskole.

Dette er den første av to deler av en miniserie om hvordan Bibelen snakker om det å være singel.

Ein av dei tinga som er felles for alle menneske er at me er alle single i kortare eller lengre delar av liva våre. Men lærer Gud oss noko i Bibelen om det å vera singel?

Når det gjeld å vera singel trur eg mange kristne lider under ein av to feiloppfatningar. Den fyrste er at det å vera singel er forferdeleg – at viss ein ikkje får gifta seg så er heile livet ein fiasko. Den andre feiloppfatninga er at det er bra å vera singel, for då kan eg gjera akkurat som eg sjølv vil med livet mitt. Ein heilt annan måte å omtala singellivet på møter me i Bibelen, og i dette stykket skal me ta opp den første feiloppfatninga.

Denne gleda er noko som er uavhengig av sivilstatusen din på Facebook

Det å finna  seg ein kjæraste som ein også forhåpentlegvis kan gifta seg med er noko som kjem til å vera særs avgjerande for resten av livet ditt. Difor er det naturleg, viktig og riktig å tenkja over desse spørsmåla. Men Bibelen seier at viss du er kristen så er det faktisk sånn at det er noko som er så mykje større, betre og meir fantastisk å gleda seg over enn suksessen (eller fiaskoen) i kjærleikslivet ditt.

Det er at Jesus har frelst deg! Denne gleda er noko som er uavhengig av sivilstatusen din på Facebook. Dette blir tydeleg i Fil 4:4 , der Paulus skriv at me alltid skal få gleda oss i Herren. Viss du blir gift, så er det noko som skal vara resten av livet. Å komma til tru på Jesus betyr at du kjem inn i eit forhold som varer resten av evigheten! Faktisk beskriv Bibelen forholdet mellom oss og Jesus som forholdet mellom ei brud og ein brudgom (f.eks. i 2.Kor 11:2).

Likevel er det ingen tvil om at singellivet er fullt av utfordringar

Å vera i  dette forholdet er faktisk det viktigaste i livet ditt. Viss du ikkje kjenner Jesus hjelper det ingenting om du har verdas beste kjæraste. Men viss du er singel og kjenner Jesus, så har du ein frelsar som elskar deg og har tatt ansvar for deg med å gjera opp for syndene dine.

Likevel så er det ingen tvil om at singellivet er fullt av utfordringar. Mange kan kjenna seg einsame og sakna nokon som ein veit ein er elska av. Dette kan kanskje bli ekstra aktuelt når nære vener får seg ein kjæraste og ein ser at dei har noko som ein sjølv ville hatt.

Viss du er kristen og kjenner litt på dette, så vil eg berre minna deg på at du har ein som elskar deg. Du har Jesus. Han har omsorg for deg. Han skal du få komma til med alle dine gleder og sorger. Han skal du få leva med i dag, i morgon og resten av evigheten.

Ill.foto: © Ilike – Fotolia.com