Ikkje rosenrødt, men det er greit

Ikkje rosenrødt, men det er greit

Frelsa er ikkje avhengig av kjenslene mine. Og enda godt er det.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Har du et vitnesbyrd du vil dele med andre? Ta gjerne kontakt på iTro@nlm.no.

«Kor e du Gud?» Eg låg og såg i taket medan eg tenkte desse orda. Dei kjenslane eg før hadde hatt så ofte, var lenge bytta ut med tomleik. Det var gått mange veker sidan eg hadde hatt ein åndelig oppleving. Og det føltes så rart å søkte Gud gjennom lovsong, Bibel og bønn.

Dette har vore vanskeleg for meg ein lang stund. For det kjennes så rart å være ein kristen utan å kunne føle noko. Vi er jo heile menneske som Gud har skapt, både med vår rasjonelle tankegang og våre kjensler. Og det er jo opplevingane der eg har følt noko, som eg oftast hugsar. Som dei gongane eg har blitt glad av å synge sangboksongar, eller blitt sykt gira når eg ser nye ting i bibelen, eller når eg har fått trøst i Bibelen.

Når kjenslane uteblir

Men det vanskelege er når desse kjenslene uteblir. Eg har jo lært om nåden som er større enn mine kjensler, og om Gud som er trufast sjølv om eg går gjennom forandringar. Eg har jo bibelord som gjer meg sikker på at eg er frelst, og som seier at så lenge eg trur at Jesus er min frelsar, så skal eg verte frelst.

Men samstundes kjenner eg på tanken om dette er alt? Vissheita om si eige frelse er ein ting, men kva med alt det andre Gud har å gje meg.

Kvifor opplever eg ikkje slike ting som folk fortel om på vitnemøte, der Gud har snakka til dei, eller gjort store ting gjennom vanlige folk. Eg tenker ofte på om det er meg det er noko gale med, eller mitt kristenliv, eller om det er det forskjell frå person til person korleis livet som kristen utspiller seg.

Gud er viktigst

Eg trur ikkje det er min personlighet det er noko gale med, sjølv om eg ofte kjenner på dei følelsene om at det ser ut til at alle andre har det så fint med Gud.

Heller trur eg ikkje at alle skal leve det same kristenlivet heller. Men eg trur ein kan sei noko generelt om Gudsforhold.

Viss det berre er under lovsong eller på møter at ein søker Gud, vil ein gå glipp av eit heilt liv nær relasjon med Han. Og om ein kvar kveld skal sjekke alle mulige sosiale og usosiale medium før ein vender seg til Gud, så gjør det noko med kva plass Han får i liva våre.

Eg tok meg til og med i å sjekke mattilbods-appen heller enn å lese Bibelen. Er ikkje Gud viktigare for meg enn 10-kronersmarked på Joker?

Ikkje rosenrødt

Eg har på inga måte funne oppskrifta på korleis vokse i relasjon med Gud, eller korleis ein skal få andelege opplevingar. Det trur eg ingen andre har heller. Og alt blir nok ikkje rosenrødt om ein leser Bibelen heile tida og ber like ofte.

Det er likevel vanskeleg å sjå for seg ein sunn relasjon med Gud, dersom ein ikkje brukar meir tid med han i Bibel, bønn, brorskap og brødsbryting. Og heldigvis er ikkje min frelse basert på kva eg føler, men på kva Jesus gjorde då han døyde på krossen for meg.

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Har du et vitnesbyrd du vil dele med andre? Ta gjerne kontakt på iTro@nlm.no.