Gud og den gode samtalen

Gud og den gode samtalen

Daniel har lært å bli glad i den gode samtalen.

Etter vidaregåande fekk  eg det for meg at eg ville søke på Bibelskolen Fjellhaug. Hovudmålet mitt var å bli betre kjent med Jesus, og det vil eg seie eg oppnådd. Men eg har også klart noko anna. Gjennom dette året har eg har vorte mykje betre kjent med meg sjølv. Utviklinga mi som person og kristen har med andre ord hatt ei bratt stigningskurve etter eg byrja på bibelskulen.

Mitt vitnesbyrd:

Daniel Rydland Bjåen (20) deler av sitt liv i dagens vitnesbyrd. Han er snart ferdig med eit år med bibel, idrett og friluft på Bibelskolen Fjellhaug.

For ved å  få gode relasjonar og kjennskap til Gud, vil ein òg lære seg sjølv å kjenne, i og med at det er Gud som har skapt oss. Dersom personar hadde kome til meg for ei tid tilbake, og spurt meg om kva trua mi gjekk ut på, ville eg ikkje hatt eit like godt svar som eg har den dag i dag.

Dei fleste som går på bibelskule går inn for det same målet

Det som òg  har vore fint, er det at dei fleste som går bibelskule går inn for det same målet: Å bli betre kjent med Jesus. Det gjorde det veldig lett å kome innpå tema som omhandla den kristne tru. Vi har hatt mange fine diskusjonar og samtalar rundt dette.

Noko som eg  har blitt veldig glad i, i løpet av bibelskuleåret, er den gode samtalen. Det å kunne setje seg ned med gode venner og familie å snakke om alt mogleg, er noko som eg har sett stor pris på og som har vore veldig lærerikt! Fordi den gode samtalen kan vere ein god måte å byggje gode relasjonar på, kan det òg vere ein god måte å kunne forkynne evangeliet.

Den gode samtalen kan vere ein måte å forkynne evangeliet

Paulus hadde gode  relasjonar til ulike menigheiter, og vi kan lese i Bibelen at han er flink til å gje helsingar til dei:

«Hels kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Syskena våre som er saman med meg, helsar dykk. Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hos keisaren. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!» Fil 4:21-23

Då eg hadde  søkt på bibelskulen laga eg meg eit biletet av korleis det ville bli på, og eg må seie at eg har blitt positivt overraska, både på det menneskelige og åndelige plan. Det biletet eg laga meg først, er blitt forstørra og eg har fått mykje meir kunnskap og kjennskap til Gud! Året på bibelskule har gått over all forventning og eg anbefaler alle å søkje, dersom ein er i tvil.

Foto: Privat