Du skal få svar

Du skal få svar

Er det makt i de foldede hender?

Av og til  kan ein lure på kvifor Gud ikkje svarar bønene våre. Vi kan be om noko, men det kjennest ut som om Gud ikkje gir noko som helst form for respons. Kanskje er det til og med gode ting vi ber for, til dømes at nokon skal bli friske, og då kan vere ekstra sårt og frustrerande å kjenne på at Han ikkje svarar oss.

Gud er allmektig.  Han kan gje oss bønesvar her og no, for ingen ting er umogleg for Gud. Han kan flytte fjell dersom vi ber han om det. Men Gud kan òg vente litt med å svare. Kanskje ser han at tida ikkje er heilt moden for det han har planlagt, og vel å utsette det fordi det er til det beste for oss.

«Til slutt og ein gong for alle»

Sjølv om vi  ofte vil at Gud skal svare med ein gong, kan det likevel vere forståeleg at Han ventar litt, og ein kan til tider klare å slå seg til ro med det. Vi har jo høyrt det før at vi ofte berre må vere litt tålmodige. Men vi har eit siste perspektiv på bønesvara som fort kan gå i gløymeboka: Himmelen!

I songen  «Det er makt i de foldede hender» syng vi: Og en gang når du livsløpet ender, hvert et bønnesvar klart skal du se!». I Himmelen er det ingen som er sjuke, ingen som lid eller som har det vondt. Den sjuke som har gitt livet sitt til Jesus skal få vakne opp til ein frisk kropp uten smerter. Bønesvaret kom. Det kom ikkje i denne verda, men det kom i den fullkomne verda. Det kom til slutt og ein gong for alle.

«Målet for trua»

Eg har det  siste året tenkt mykje på Himmelen, og eg eg trur det blir godt å kome dit. Det er jo målet for trua vår!

Og fram til  den tid er det ingen ting som er betre for oss enn å leggje alt som skjer i livet framfor Gud i bøn, noko Bibelen oppfordrar oss til. Til slutt vil eg berre minne deg på at Jesus ikkje berre går med deg gjennom alt, men han held deg i armane sine, og der kan du finne kvile.

© Sabphoto – Fotolia.com