Hvorfor… sette grenser i et forhold?

Hvorfor… sette grenser i et forhold?

Vi kristne pratar ikkje så ofte om grensesetting i parforhold.

Grensesetting er eit  tema som mange syns er vanskeleg. Her finst nemleg ingen fasit. Samstundes rører vi oss inn på eit område, kristen seksualitet, som for nokre kan vere tabubelagt.

Serie:

Torgeir Vindi Nerbøvik (25) er dagens skribent i seren «Hvorfor…?». Han er med i et tabu-team i Bergen som er med på å sette ord på vanskelige tema i ulike situasjoner.

Bibelen seier klart  at sex høyrer til i ekteskapet, så før det eventuelt skjer er det opplagt at det må setjast nokre grenser. Det eg kan garantere deg er at du vil ha mykje igjen for å tenke gjennom desse før du står i eit forhold. Mange av oss tenkjer ikkje så mykje igjennom kva som er greitt eller ikkje.

Lystene og driftene våre blir utfordra på ein heilt ny måte

Når vi får  kjærast og hamnar i ein intim situasjon kan det difor vere vanskeleg å vite korleis ein skal reagere. Lystene og driftene våre vert utfordra på ein heilt ny måte. For som alle andre menneske er vi kristne skapte med lyster og drifter, og dette må vi erkjenne. Det er ingenting unaturleg å ha lyst på kjæraste sin, men vi må vere medvitne på kva det inneber.

Her er nokre tips:

* Sett grensene tidleg og tydleg. Dess lenger ein tøyer grensene, dess større blir lystene. Om ein klarer å sette tydlege grenser, vil ein sleppe å ta den tøffe kampen med å kjempe mot sine eigne lyster. Som vi alle veit, kan desse vere særs sterke og når/om lysta tek overhand er det vanskeleg å halde att.

* Det finst ein forskjell mellom å kjærteikne kjærasten sin for si eiga nyting, eller for hennar/hans nyting. I den augeblinken du kjenner at du stryk ho/han på ryggen for din eigen del, må du stoppe opp og tenke deg om. Eg seier ikkje at det er synd å stryke nokon på ryggen, men om intensjonen din er å tøye grensene litt lenger, vil vegen til å falle bli kortare.

* Grensepraten i forholdet er ikkje den kulaste praten. Men ein har mykje igjen for å tørre å snakke saman om det. Når ein seier noko som er vanskeleg høgt, misser det mykje av krafta si. Utfordringa er herved gitt: om du er i eit parforhold og kjenner at de har ulike grenser, ta det opp og sei kva du kjenner på.

Det er ikkje for seint å snu, sjølv om det blir tøft

Veldig mange kristne  har ikkje tenkt i gjennom grensene sine før det ”var for seint”. Det er ikkje for seint og snu, sjølv om det vert tøft. Som vår skapar, veit Gud kva som er best for oss, sjølv om vi ofte vil prøve å finne dette ut på eiga hand. Gud har gitt oss nokre grenser, vi må difor ta desse på alvor og setje desse i vårt eigne liv.

Viktigast av alt:  i Jesus har vi ubetinga kjærleik og nåde. Hjå Han vil det alltid vere tilgjeving for våre synder. Om vi strekker, tøyer eller bryt grensene, må vi ikkje bli liggande nede, men vi må reise oss att! Sjølv om vi svikter Jesus, svikter Jesus aldri oss!

Foto: © Lasse Kristensen – Fotolia.com