– Gud gav meg ny kraft og hjalp meg til å først og fremst søkje Han

– Gud gav meg ny kraft og hjalp meg til å først og fremst søkje Han

Gud er ein god gud og Han ønskjer vi skal leve i frihet, ikkje for å gjere menneske til lags.

Mitt Vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

I efesarane 6:6-7 står det; «Ver ikkje augetenerar, som berre vil gjere menneske til lags, men Kristi tenerar, som heilhjarta gjer Guds vilje. Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.»

Visste du at ein augeteneste er å gjere ein teneste, eller ei handling berre fordi nokon ser på deg?

Det er ikkje slik Gud vil vi skal tene han og andre mennesker. Gud ønskjer at vi skal tene Han med eit heilt hjarte. Det er også til glede for Han.

Naturleg del av mennesket

Eg skal ikkje leggja skjul på at eg har gjort mange augetjenester. Eg trur det er ein naturlig del av mennesket, at ein gjer ting på grunn av at andre ser på, eller av andre grunner. Kanskje ein til og med gjer det utan å tenkje seg om?

Då eg gjekk på ungdomskulen gjorde eg mykje fordi folk såg på meg. Det utvikla seg til ein uvane og eg gjorde det for at eg skulle føle meg god nok og andre skulle like meg. På same måte kan andre føle at dei må ha kule klær og materielle ting for å kjenne seg god nok.

Eg trur Gud ville fortelja meg at eg ikkje skal anstrenge meg og må gjere alle fornøgd og glad, men heilhjarta gjere Hans vilje.

Då dette hadde holdt på i ca eit år leste eg det som står i efesarane. Eg trur det var Guds vilje eg skulle lese det og Gud ville fortelja meg at eg ikkje skal anstrenge meg og må gjere alle fornøgd og glad, men heilhjarta gjere Hans vilje.

Vi skal tjene Han med eit villige sinn, som noko vi har lyst å gjere og som skal engasjere oss. Dette satt eit stort spor i meg og det fekk meg til å tenkje annleis om korleis ein skal tjene Gud og mennesker.

I kolossarane 4:23 står det; «Alt dykk gjer, gjer det av hjartet, som for Herren og ikkje for mennesker.»

Kva er egentlig Guds vilje for oss?

Eg vil oppmuntra deg til først av alt å halde blikket festa på Gud. Når vi gjer det, vil Han vise sin kjærlighet for oss og deretter blir det lettere å elske mennesker og gjere Hans vilje.

Men kva er egentlig Guds vilje for oss?

1.Tessalonikar 5:14 står det; «Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle! Sjå til at ingen lønner vondt med vondt, men legg vinn på å gjere godt mot kvarandre, ja, mot alle!» Litt etter står det; «For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.»

Gud er ein god gud og Han ønskjer vi skal leve i frihet.

Etter eg leste versa i efesarane blei eg gradvis flinkare med å ikkje stresse for å gjere folk til lags og klarte å kvila i at eg er god nok. Gud gav meg ein ny kraft og hjalp meg til å vende sinnet mitt til Han og først og fremst søkje Han. Då blei det «enklare» for meg å tjene Gud og mennesker.

privat

Mitt Vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.