«Gud er som sola, trufast og gir varme»

«Gud er som sola, trufast og gir varme»

– Eg kan kjenne meg igjen i alle desse beskrivingane. Dei overskya dagane er det oppmuntrande å vite at Sola bare er rett bak ei sky, og at den snart viser seg igjen, sier Ingrid når hun sammenligner sola med Gud.

Mitt vitnesnyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

At eg no skal dele «mitt vitnesbyrd» verka først som dårlig timing? Eg burde heller gjort det i haust når tidenes bibelskuleår ( Ut Senteret) nettopp var ferdig, og alt eg opplevde der var friskt i minne.

Men no verker ikkje Gud like nær. Eg er ute av «GUS-bobla» og bibelundervisning, lovsong og bønn i fellesskap er ikkje like sentralt i kvardagen…

Eit trusliv som går i bølgjer

Livet mitt med Gud går i bølgjer! Nokon dagar ser eg Gud tydelig i kvardagen, mens no er eg i ein periode der eg slit med motivasjon til bibellesing og bønn.

Man har dei dagane det bare er sol å sjå, og andre dagar bare med små glimt av sola innimellom.

I tillegg har denne våren vert prega av at eg har fått lupus, ein kronisk sjukdom. Kvifor skjer dette, og kva er Guds plan med det? Det er bunden frykt og usikkerhet om korleis dette vil påverke livet mitt, men eg trur likevel på ein Gud som har ein plan for meg med det.

På grunn av denne nyheita har planar blitt endra og har i år hatt ekstra tid til å tenke over livet. Reflekterer over alt eg lærte fjor, livet mitt no og vegen vidare. Eg vil no dele ein refleksjon eg fekk ein dag eg traska i Guds skaparverk, med lovsong på øret.

Sola er som Gud, gir varme og er alltid trufast, om du kan sjå an eller ei.

På toppen av fjellet såg eg den finaste solnedgangen eg har sett på lenge, og eg samanlikna Sola med Gud. For dei er jo ganske like, er dei ikkje?

Utan verken Gud eller sola hadde ikkje jorda eksistert. Og Sola er som Gud, gir varme og er alltid trufast, om du kan sjå an eller ei. Man har dei dagane det bare er sol å sjå, og andre dagar bare med små glimt av sola innimellom. har man periodar vestlandet der ein absolutt ikkje ser til Sola.

For eg trur på ein Gud som er trufast, også dei dagane han verkar fjern.

Eg budde nokre månader i Nord-Norge der det var mørketid og sola kom ikkje opp i det heile tatt. Men i slutten av mørketida, eller fargetida som eg kallar det, kan man sjå at solnedgangen varer heile dagen! Ein ser ikkje sola, men verkningar av den. På same måte kan ein nokon gonger sjå korleis Gud jobbar, utan å heilt sjå at det er Gud.

Eg kan kjenne meg igjen i alle desse beskrivingane. Dei overskya dagane er det oppmuntrande å vite at Sola bare er rett bak ei sky, og at den snart viser seg igjen.

Gud er trofast

Enten det er ein solfylt dag, eller som ein solnedgang på fjellet. Google seier faktisk at solnedgang med 30-70% skydekke gir best resultat! Kanskje ein også opplever Gud ekstra sterkt i periodar med motgang?

For min del blei påminninga om Guds trufasthet ein stor oppmuntring og viktig for meg i tida eg var i. Ein påminning om at Gud er med på laget, uansett korleis livet er. Og dei dagane eg slit med å tenke at Gud er nær høyrer eg gjerne på ein lovsong og prøver å stå fast i bønn om å snart få ein solfylt dag.

For eg trur på ein Gud som er trufast, også dei dagane han verkar fjern.

Privat

Mitt vitnesnyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.