Gains for Jesus?

Gains for Jesus?

Kva har «gains for Jesus» og at kroppen vår er eit tempel med kvarandre å gjere? Jarle Isene gir deg svaret.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Eg får litt lyst til å gøyme meg når eg ser amerikanske bola menn rope «gains for Jesus», mens de pumper jern så blodårene sprekker. Som om ikkje kristne har nok fordommar mot seg frå før.

Det eg snakkar om er ein kristen-amerikansk trend på nettet. Mange kristne treningsprofilar, nokon ironisk nokon ikkje, kan ha «Hallowed be thy gains» på t-skjortane, mens de benker 120 kilo benkpress.

Eg personleg hadde ikkje trudd at fitness-miljø og kristen proklamasjon skulle gå om kvarandre. Det gjer det! Likevel, irriterande nok, har desse treningsprofilane eit lite poeng…  

«Gains for Jesus» har blitt ein kristen-amerikansk trend på nettet. FOTO: KI

Kroppen er eit tempel

Bibelen er tydeleg på kva kroppen er.

«Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne» (1 Kor 6,19)

Desse versa handlar mest om hor, og korleis vi skal ære Herren, ved å unngå hor. Likevel er brevet tydeleg på at «kroppen dykkar er eit tempel for den heilage ande som bur i dykk».

Vi kan også gå til Romarane 12,1 som seier:

«Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.» (Rom 12,1)

Sterke ord! Kroppen, ikkje lenger vår, skal vere til glede for Gud, som eit levande og heilagt offer og samtidig tempel for Den heilage ande. 

Kva brukar eg kroppen til?

Misforstå meg rett, eg tenkjer ikkje nokon treng «hallowed gains», for å ære Gud. Kroppar er forskjellig fordi Gud skapte oss forskjellig.

Eg gløymer at eg er skapt av Gud, og gitt ein kropp å ære.

For meg har det framleis blitt ein vekkjar. Kva er det eg fyllar kroppen med? Kva brukar eg kroppen til? Lar eg Gud bruke talentane Han har gitt meg?

Som regel vil ikkje svara på desse spørsmåla tilsvara eit «levande og heilagt offer». Tvert imot! Eg gløymer ofte at eg til og med er eit lekam (Bokmål: legeme) på Jesu kropp. Eg gløymer at eg er skapt av Gud, og gitt ein kropp å ære. Eg er gitt ein kropp å elske. 

Alt til Guds ære

Kva vil eg med å snakke om enda en klein kristen-amerikansk trend, og snakke om kroppen som om dette var seksualundervisning på kristen internatskole?

Eg vil gjere det tydeleg kven kroppen høyrar til, nemleg Han som skapte den! «Kroppen er ikkje lenger dykkar eigne». 

Ved å ta vare på eiga kropp, skal vi lære å ære Gud!

Slik skal vi både få legge vekk negative tankar om eiga kropp over på Herren, og likevel ta vare på kroppen for å ære Herren.

«Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!» (1 Kor 10,32) 

Til slutt vil eg da presentere deg med ein god sirkel. Ved å ære Gud, skal vi lære å ta vare på eiga kropp. Ved å ta vare på eiga kropp, skal vi lære å ære Gud! 

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.