Eit ønske om å bruke meir tid med Jesus
- Å ha ein eller fleire personar som man kan snakke, lese i bibelen og be ilag med har hjulpe meg til å både leve tettare på Jesus, og å forstå Kvifor det er viktig med eit kristent fellesskap.
Eg har vokst opp i ein kristen familie, deltatt i mange kristne arrangement, var trufast på søndagsskule og var ofte med på kristne leirar.
Eg har alltid sagt at eg er kristen og alltid prøvd å vise at eg er ein kristen.
Men personleg har eg alltid syntest, og meinar fortsatt at det er tungt å lese i bibelen. Noko som gjorde det vanskeleg å bruke tid med Gud. I tillegg følte eg at eg ikkje heilt visste kva det eigentleg ville seie å vere ein kristen.
Bruke tid med Gud
Det er ikkje før seint i ungdomstidene mine no at eg skjønte kva det var eg trudde på og korleis eg kunne bruke tid med han, ikkje kun ved å lese i bibelen, men på andre måtar også.
Det kan man gjere ved å for eksempel be for store og små ting, høyre på lovsang, gå på møter, lese i andaktsbøker og enda meir. Ved hjelp av Kairos, UL, kristne leirar, møter, andre kristne arrangement og spesielt Vestborg VGS, har eg vokst meir og meir i trua mi, og ikkje minst forstått meir.
Bønnesvar
Eg ba til Gud fleire gangar i begynnelsen av andre året mitt på Vestborg om at eg måtte bli fyllt med meir kunnskap og å forstå meir, slik at eg kunne dele dette med andre som ikkje har høyrt om Jesus, eller som slit med det samme som meg. Og i tillegg vere eit vitne for andre.
Eg ba også om at Gud måtte hjelpe meg med å bruke meir tid med Jesus for å styrke forholdet mitt til han.
Uten å tenkje så mykje over dette resten av skuleåret, sitter eg no igjen med ein mykje betre forståelse! Eg kjenner på ein kjærlighet etter å få høyre utallige gangar om at Jesus elskar oss, og eg har lært meg å rette blikket opp om eg er glad eller lei meg, og at han vil ta seg av alle bekymringane våre.
Han brukar andre til å glede oss og for å kommunisere med oss. Det er utruleg kult at han som har den største makta av alle vil vere med oss kvar einaste dag!!
Bibellesing
Bibelen er grunnlaget for kristendommen, det er Guds ord til oss.
Det vil kanskje ta ein stund før eg finn nøkkelen til bibellesing, men ved hjelp frå kvarandre lærer man utruleg mykje. Det kan eg seie av eigne erfaringar.
Vener rundt meg på Vestborg har tatt initativ til at vi skulle samlast og lese i bibelen ilag og personar som har meir erfaringar har gitt meg tips.
Ein anna viktig ting som har hjulpe meg med bibellesinga er bibelgruppe. Å vere med i ei bibelgruppe er både sosialt og lærerikt, der man får lese bibeltekstar ilag og høyre andre sine tankar rundt det vi har lest, det gir meg eit nytt perspektiv på teksten.
Etter å få vere med på å lese bibelen med andre på den måten, har gjort at eg har lært å reflektere det eg har lest frå bibelen, og skjønne betre kva budskap Gud vil gi oss.
Tettare på Jesus
Å ha ein eller fleire personar som man kan snakke, lese i bibelen og be ilag med har hjulpe meg til å både leve tettare på Jesus, og å forstå Kvifor det er viktig med eit kristent fellesskap.
Det har i tillegg gitt meg mot til å bruke dei personane eg har rundt meg om det er noko eg lurer på innen trua, for eg trur at Gud har sendt dei til meg for ein grunn.