– Til slutt må du ta ei avgjersle: skal du endre retning og gå mot straumen, eller halde fram som før?

– Til slutt må du ta ei avgjersle: skal du endre retning og gå mot straumen, eller halde fram som før?

– Trur du? utfordrar dagens andaktsskribent, Ingeborg Borkamo (19).

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Eg kallar meg truande. Folk flest gjer ikkje det. Nokre er likevel nysgjerrige på kristendommen, og verkar opne for å tru.

Korleis definerer ein eigentleg tru, og korleis veit ein at ein trur?

Likevel er det noko i vegen som gjer at dei ikkje vil kalle seg kristne, noko dei føler dei ikkje får til. Det har kanskje noko med at det kan vere vanskeleg å skjøne kva tru eigentleg går ut på dersom ein aldri har trudd før?

Likeins kan kristne i periodar med tvil komme til punkt der ein er usikker på om ein framleis kan kalle seg kristen. Korleis definerer ein eigentleg tru, og korleis veit ein at ein trur?

Trua på eit håp

Tru er jo nettopp – ja, tru – ein trur på Gud, ein veit ikkje på Gud. I det å tru er det eit element av det å ikkje vite, av håp. Mykje i Bibelen kan bevisast og setjast i ein historisk samanheng, og gjer dermed Bibelen meir truverdig.

Dette gjer at tru til sjuande og sist er å ta litt sats; ta ein sjans på noko

Men det står også skrive om mirakel – sjølve Jesu oppstode er jo det største av dei. Det er gjerne desse som sår tvil i mange, og som gjer at mange ateistar berre ser på kristendommen som eventyr.

Dette gjer at tru til sjuande og sist er å ta litt sats; ta ein sjans på noko, når bevis og naturlege forklaringar ikkje når lengre. I Hebrearane 11, 1 står det: «Trua er ei vissheit om det vi håpar, eit prov på det vi ikkje ser».

Kva retning vel du?

Ein kan sammenligne valet om å tru med valet ein må ta om heile menneskeheita går i ein og same retning, og du får høyre at du nærmar deg eit stup.

Vel ein å tru på det ein har høyrt om Jesus og den kristne bodskapen, eller feie det bort som berre oppdikta historier?

Ein dag får du høyre av nokon at det ligg eit stup i vegen lenger framme som alle vil falle ned i dersom dei held fram i den same retninga. Du kan spørje dei rundt deg om det stemmer, men folk vil gi ulike svar.

Til slutt må du ta ei avgjersle: skal du endre retning og gå mot straumen, eller halde fram som før? Vel ein å tru på det ein har høyrt om Jesus og den kristne bodskapen, eller feie det bort som berre oppdikta historier?

– Korleis tru nok?

Vidare, korleis veit ein om ein faktisk har snudd rundt, bort frå dette moglege stupet der framme? Korleis veit ein om ein trur «nok» til å bli frelst?

I Romarane 10, 9-10 står det: «For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.»

Frelst ved tru

I dette ligg det to sentrale poeng: for det første må ein vedkjenne for seg sjølv at ein trur, ikkje for å passe inn mellom kristne vennar og familie, men fordi ein sjølv meiner det. Tru er ein relasjon mellom Gud og kvar enkelt.

Og meir skal det ikkje til for å bli frelst.

For det andre må ein vedkjenne at ein trur overfor andre, gjerne ikkje-kristne, på trass av at ein kan risikere å bli sett ned på. Og sjølv om dette ofte kan vere skummelt å gjennomføre i praksis, så vil intensjonen ein har til å gjennomføre det, bevise overfor Gud, og ein sjølv, at trua er ekte.

Og meir skal det ikkje til for å bli frelst.

«For ved nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve» (Ef 2, 8)

Privat

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.