– Det å tru er ikkje eit strev og ein prestasjon

– Det å tru er ikkje eit strev og ein prestasjon

Astrid Helena Klyve (19) spurte seg selv om hvordan hun kunne vite at hun trodde. Sjekk ut hennes refleksjoner om tro og tvil!

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.

Da eg var lita hadde eg ein periode der eg lurte på korleis eg kunne vite at eg eigentleg trudde? Var trua mi sterk nok? Det spørsmålet trur eg mange kristne stiller seg, og eg kjem sikkert til å lure på det igjen.

Det som er det motsatte av å tru er vantru, ikkje tvil.

Tru, tvil og vantru

Eg har fått mange svar på spørsmålet, og alle har hjulpe litt. Til dømes at om du er redd for at du trur for lite, så betyr det at du trur. Eller at ein skal tru som eit lite barn. Og at tru og tvil går hand i hand, så om du tviler betyr det også på ein måte at du trur.

Det som er det motsatte av å tru er vantru, ikkje tvil. Alle desse svara har vore til hjelp. Men da eg kom over Romerne 8,24 vart det så sterkt og fint for meg at ein er frelst i håpet.

«For i håpet er vi frelste. Men eit håp som ein kan sjå, er ikkje lenger noko håp – kvifor skulle ein håpe på det ein allerede ser?» (Rom 8,24)

Ingen sorg og smerte

Vi kan få lov til å håpe på Jesus. Vi får være barn som håpar. Det å tru er ikkje eit strev og ein prestasjon. Vi kan frimodig berre ta imot all hans nåde, godheit og kjærleik. Og altså legge vårt håp til han. Jesus har altså ordna alt for oss.

Tenk da: Leve med Jesus alltid!

Betyr det at livet på jorda blir enkelt? Langt ifrå. Det blir mest sannsynleg eit slit, men vi kan få gode tider også, som vi kan takke og glede oss over.

Men himmelen kjem først etter livet på jorda. Først da skal alt bli bra! Og det kan vi glede oss til. Tenk da: Leve med Jesus alltid! Utan noko sorg eller smerte.

Himmelen er ekte

Som lita syntes eg det var litt skummelt å tenkje på himmelen. Tanken på ei æve var skummel, og himmelen virka fjern og diffus. Meir som ein draum.  Men det er godt å tenkje på at den faktisk er heilt ekte!

Vi kan få kome som dei store syndarane vi er til han.

Kanskje det vil kjennast enda meir ekte enn det livet gjer no på jorda. Vi skal eta, drikke, le, prate og leve saman med kvarandre og med Jesus. Det blir heilt fantastisk.

Og det beste av alt er at vi får det heilt gratis fordi Jesus har ordna alt. Vi kan få kome som dei store syndarane vi er til han. Jesus har teke straffa, vi får gå fri.

SLIK er vår far i himmelen, tenk å få tilhøre ham!

Lightstock / Håkon Rydland

Andakter av og for tenåringer

Søndagsandaktene på iTro er skrevet av og for tenåringer. Andaktene kan basere seg på et av skribentens  favorittbibelvers eller 5 grunner til at de er kristne.

Er du mellom 13-19 år, og kunne tenke deg å skrive en andakt for iTro? Ta gjerne kontakt med oss her.