Marta og Maria gjer oss ein realitetssjekk
– Me står i fare for å gå i den same fella som Marta gjorde.
Forteljinga om Marta og Maria finn ein i Lukas 10,38-42. Der står det:
«Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
På den tida dette skjer, var husarbeid og gjestfridom sentrale verdiar i jødisk kultur. Marta opptrer difor på ein normal og forventa måte, når ho stressar med å tene Jesus!
Maria, derimot, gjer noko uvanleg når ho set seg ved Jesu føter og oppfører seg som ein disippel. Dette var kulturelt utfordrande fordi ho inntar ein posisjon som normalt var reservert for menn.
Men Jesus bekreftar at kvinner òg har rett til å vera hans lærling.
Maria
For Maria stoppa alt opp når Jesus var i nærleiken. Ho sa lite, men valde det viktigaste: å ta imot Jesu ord. I Johannes 12,3 står det om Maria som salvar Jesu føter under eit festmåltid:
«Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt.»
Denne salven var verdt like mykje som ei årslønn på den tida. Her viser Maria kjærleiken sin til Jesus på ein overstrøymande måte.
Marta
Marta, derimot, er oppteken av alt ho skal gjera, og av at Maria ikkje hjelper. Marta får i denne historia aldri møta blikket til Jesus på same måte som Maria fekk, fordi ho søkjer det på feil premissar.
Alt me gjer for å fortena Guds kjærleik fører oss berre lenger vekk frå den. For det er ingenting me kan gjera for å fortena hans kjærleik.
Når Jesus seier til Marta: «Du gjer deg strev med mange ting», kjennest det nok som eit slag i fjeset.
Marta hadde gjort alt ho kunne for å gleda Jesus, men så viste det seg at det er noko anna som gler han, nemleg merksemda vår.
Det som er viktig for Jesus
Denne historia set søkjelyset mot kva som er viktig for Jesus. Ofte er det noko anna enn det me trur er viktig for han.
Dette kan vera ein realitetssjekk for oss. Me står i fare for å gå i den same fella som Marta gjorde. Me kan bli altfor opptatt av andres oppførsel, og bli så sjølvrettferdige i våre gode gjerningar at me begynner å dømma andre som ikkje gjer som me gjer.
Me er Marta.
Eitt er nødvendig
Jesus seier: «Eitt er nødvendig» – å lytta til hans ord. Me må bruka tid saman med han, høyra på kva han har å seia og sjå korleis det kan verka inn i våre eigne liv.
Det kan vera vanskeleg å vera som Maria i ein Marta-verd, der fokuset på gjerningar er stort.
Men me er kalla til å gå motstrøms, og det er noko me kan ta med oss vidare.


