Kvifor skal vi bry oss om pinse?

Kvifor skal vi bry oss om pinse?

Den heilage ande visar meg kven Jesus er, og kvifor eg treng han.

Andakt

Hver søndag legges det ut en ny andakt på iTro, skrevet av en av iTros faste andaktsskribenter.

Eg såg ein gong eit klipp der folk på gata skulle svare på kva pinse var.

Det var alt frå ein matrett med ei heilag and, til ein muslimsk fest, der dei ikkje et. Det kan av og til verke til rart med ei høgtid der ein ikkje feriar noko handfast, kjøtt og blod. Men ei ånd, flammar, og menn som snakka på ulike språk.

Kven er kristne?

Her i Peru, er kyrkjetilhøyrsle svært viktig. Du kallar deg heller lutheranar enn kristen. Og ein møtar andre «hermanos» med titlar som «pinsevenn», «adventist» og «baptist».

I Noreg har ein også ulike titlar, men det er kanskje ikkje like viktig, om det er ein sambanditt eller frikyrkjeven som talar. Men kva er det så som avgjer kven som er kristne?

Ja, det handlar om tilhøyrsle, ikkje om kvar du høyrer til, men om kven. Dei kristne betyr eigentleg «dei som tilhøyrer Kristus». Den som har den same ånd som Jesus. Dei som er blitt «Kristus-lik».

Lik på Jesus, nei, langt ifrå tenker du kanskje… Eg held fram å synde, eg seier dumme ting, eg sårar andre, eg set meg sjølv først, og tek val som eg angrar på etterpå. Eg liknar ikkje på Jesus i det heile faktisk.

Ja, eg også kjenner meg att i ein slik tankegang. Men det er her det som heiter DHA, kjem inn. Den heilage ande, kva gjer han? Det enkle svaret er: han peikar på Jesus. Visar oss kven Jesus er, og kvifor eg treng han.

«Sanningsanden som går ut frå Far, (…) skal han vitna om meg.» (Joh 15,26)

«Han skal herleggjera meg (…)» (Joh 16,14a) 

Treng me verkeleg den heilage ande?

Jesus sjølv måtte forklare til disiplane kvifor det var til det beste for dei at han «forlot» dei, og at Den heilage ande kom. Han forklarte også kva Den heilage ande skulle gjere.

«Når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er» (Joh 16,8)

Når eg ser at eg syndar og at eg treng Jesus, er det Den heilage ande som viser meg det. Når eg forstår at i Jesus kan eg stå rettferdig framfor Gud, fordi Jesus gjev meg si rettferd, er det også Den heilage ande som viser meg. Når eg kjenner på himmelhåpet, lengsel etter å sjå Jesus, og vere ilag med han for evig, er det også Den heilage ande som syner meg. Når eg får dårlig samvit for noko eg sa eller gjorde som eg veit Jesus ikkje ville gjort, også.

Det at eg gjer ting som eg ikkje burde som kristen betyr ikkje at Den heilage ande har flytta ut. Det betyr det motsette – at  han faktisk bur der, og visar meg det. Ved trua på Jesus flyttar den heilage ande inn i meg, og når Gud ser meg og mitt liv, ser han først Jesu ande i meg – Jesu gjerning, Jesu liv, og Jesu reinheit og rettferdighet.

Så lenge eg lever her på jorda vil eg ha både mi vilje og Jesu vilje, mi ande og Jesu ande i meg. Men dei som blir dømd til slutt, er dei som ikkje har Jesu ande i seg. Difor er det stor grunn til å feire pinse, feire at Den heilage ande kom for å hjelpe meg å leve med Jesus, når det er andre krefter som vil rive meg vekk frå min frelsar. Ved sin ande kan han også vere alltid nær hjå alle. Det er fantastisk.

«Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde og bli arvingar til det evige livet, som er vår von.» (Titus 3,5-7.)

John Olav Selstø

Andakt

Hver søndag legges det ut en ny andakt på iTro, skrevet av en av iTros faste andaktsskribenter.