Dette skjer når Guds ord blir forkynt
I dagens andakt løftar Peter Schmidt fram at Guds ord både skapar tru, viser oss Gud og forvandlar menneskeliv.
Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. (1. Mosebok 1,3)
Dette er dei første orda som Gud sjølv seier direkte i Bibelen. Og allereie i første avsnitt lærer vi at Guds ord er mektig. Faktisk allmektig!
Dette har ufatteleg stor betyding for oss kristne som trur at Bibelen er Guds ord. I dag skal vi sjå på ein liten del av det som Guds ord gjer.
Kvar trua kjem frå
I Romarbrevet 10,14-17 kan vi lese om kvar trua kjem frå. Den kjem nemleg av å høyre Kristi ord.
Guds ord forkynt til oss skapar tru ved Den heilage ande. Det er den same krafta som skapte himmelen og jorda, som skapar tru hos oss.
Det er ein kjend song som går slik:
«For den samme kraft som reiste Jesus opp fra død og grav, har tatt bolig i mitt hjerte, gir meg styrke hver en dag.»
Dette er eit fint songvers, men enda viktigare enn at Den heilage ande gir oss styrke, er det at han bevarer oss i trua, fornyar trua på Kristus som frelsar og herre, og at han kallar oss tilbake til evangeliet, dag etter dag.
Martin Luther, reformasjonens far, slo fast i sin vesle katekisme at vi menneske ikkje klarer å tru av oss sjølv, men at Den heilage ande har kalla oss til evangeliet, og at han også bevarer oss i trua.
Alt dette skjer gjennom Ordet.
Treeinig Gud
Gjennom Ordet blir vi også kjend med den treeinige Gud. Jesus seier, blant anna i Johannes 17, at han openberrar Faderen gjennom seg sjølv.
Når vi høyrer Kristi ord, er det altså Faderen som snakkar (se Joh 17,8).
Så er det Den heilage ande som leier oss gjennom Ordet. I Ordet viser Anden oss vår eiga synd, men også skattane i evangeliet. Slik ser vi at Faderen, Sonen og Den heilage ande verkar saman i frelsa.
Les også: Kva kan plantene lære oss?
Forkynninga av Ordet
Det siste vi skal merke oss ved Ordet i dag, er korleis forkynninga av Ordet blir skildra i Matteus 11,5:
Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
Blinde kan sjå igjen! Spedalske blir friske! Dei daude står opp!
Og evangeliet blir forkynt for fattige? Kan det verkeleg måle seg med dei andre undera som blir nemnde?
Ja, det kan det!
Og meir enn det! Det er enda større!
Dei minste blant menneska blir frelst, og ingen under er større enn det. Guds ord løfter opp dei øydelagde, leger dei sjuke og frelser dei fortapte.




