Gled ein som gruer seg til jul

Gled ein som gruer seg til jul

Kva ynskjer du deg til jul? Farmor spør. Mor spør. Alle spør.

Aktuelt

Denne saka vart fyrste gong publisert i 2011 då eg var utvekslingstudent i Buenos Aires, Argentina. 

Kirkens Bymisjon har fortsatt den same førjulskampanjen. Eg vil med dette oppmuntre dykk alle til å bli med meg å glede nokon som gruer seg til jul.

Kva eg ynskjer meg til jul? Ja, kva ynskjer eg meg eigentleg? Treng eg eigentleg meir?

Eg sit i senga og tenkjer meg om. Går gjennom mentale lister. Er det noko eg treng? Saknar? Kva har venene mine? Noko eg har tenkt eg gjerne skulle hatt? Kva brukar eg i kvardagen? Noko som har gått i stykker?

Eg kikker rundt  i rommet, men blir ikkje så mykje klokare. Der heng paraplyen. Regnklede. Ja, det hadde vore bra. Fine regnklede. Dei eg har ser ut som eg skal vere statist i Fryktens sommer. Skummel mann i bakgata ein regnfull kveld med fiskeharpun i handa. Grønn og tung og.. ja, ny fine regnklede hadde vore bra.

Noko meir?

Når eg i  sommar skulle komprimere kvardagen min til 2×23 kg innsåg eg at det var ikkje allverdens eg eigentleg trengte å ta med meg. Og med tanke på at dei same 2×23 kg gjeld på vegen heim har eg dei siste månadane tenkt fint lite på ting og tang eg gjerne skulle hatt. Ikkje er det plass, og ikkje er det behov heller. Eg har allereie så mykje.

Kanskje eg skal sende ut ei annleis ynskjeliste i år?

Kva eg ynskjer  meg til jul? Eg ynskjer å reise heim! Eg ynskjer meg lukta av mor sine julekaker og godmodig erting av far når han et endå ei. Eg ynskjer meg søskenkrangling om den beste stolen og om me skal sjå på Monstertruck eller oppussingsprogram på fjernsynet. Eg ynskjer meg gudsteneste på julafta med glade gjensyn og gode juleklemmar, og farfar som les juleevangeliet før pinnekjøtet. Eg ynskjer meg romjulssamlingar med gode vener, familie og endelause mengder med mat og prat.
Og så ynskjer eg at alle gjekk jula i møte med like mykje forventning og glede som meg.

Eg gler meg til jul! Det fins mange som gruer seg.

Eg har allereie meir enn eg treng. Det fins mange som ikkje har det mest naudsynte.

Kanskje eg skal sende ut ei annleis ynskjeliste i år?

gled_en_kirkensbymisjon

Aktuelt

Denne saka vart fyrste gong publisert i 2011 då eg var utvekslingstudent i Buenos Aires, Argentina. 

Kirkens Bymisjon har fortsatt den same førjulskampanjen. Eg vil med dette oppmuntre dykk alle til å bli med meg å glede nokon som gruer seg til jul.