Kan eg vite at eg er frelst?

Kan eg vite at eg er frelst?

For å bli viss, må du vite. Det er ikkje nok å føle.

Tema

Temaet på iTro i november er «Frykt ikke!». Denne saken har også tidligere vært publisert på iTro.

Jesus og korset og evangeliet og sånn, det har eg brukbart greie på.

Men mitt indre, åndelege liv der er det dårlege greier. Det kunne eg trengt å lære meir om. Bli meir trygg, på ein måte.

Mange tenkjer slik om frelsesvisshet (eller ‘frelsesvisse’ på godt nynorsk).

Ei bru til himmelen

Då har eg sett for meg ein livredd mann midt ute på ei hengebru, med ein avgrunn under seg. Kva treng han å bli trygg på? Sitt indre liv? Nei, brua! Han må få vite om brua er i orden, om den er godkjend for så tunge folk som han, kontrollert, testa. Psykologar er gull verd, men kom ikkje utpå her med ein psykolog som skal snakke om mitt indre liv!

Frelsesvisse handlar også om konkrete ting. Indre liv? Ja, men det er ikkje det som held. Jesus har bygd ei BRU til himmelen. Du kan flytte heile tyngda av livet ditt ut på den. Då er du frelst. Den held. Og får du kunnskap i Bibelen om korleis han bygde, då blir du trygg.

«Dette har eg skrive til dykk for at de skal VITE at de har evig liv, de som trur på Guds Sons namn.» (1 Joh 5,13)

Du og mannen på brua har det nokså likt:

1. For å bli viss, må du vite. Det er ikkje nok å føle.

Tenk deg at Gud ropar til deg frå andre sida om korleis han bygde brua (frelsesverket). Den bodskapen kallar vi evangeliet. Når du høyrer det, blir du trygg. Haldepunktet for ditt redde hjerte blir ikkje følelsane dine, men Gud og ordet hans – altså det han har gjort.

2. Det andre eg vil du skal vere viss på, er Bibelen.

Er Bibelen full av feil og manglar, blir du aldri trygg. Men er alt sant, då er det nesten for godt til å vere sant!

«Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud» (2 Tim 3,16.)

Jesus seier om GT:

«Kor seine de er til å tru ALT det profetane har tala!» (Luk 24,25)

Og om apostlane som skulle skrive NT, seier han:

Sanningsanden skal leie dykk fram til HEILE SANNINGA» (Joh 16,13)

3. Det tredje du treng bli viss på, er at du er ein syndar.

Du har alt som skal til for å gå evig fortapt. Som å hoppe på sjøen med alle jakkelommer fulle av stein. Bibelen har 2 – to bodskapar: Begge handlar om di frelse.

Den eine heiter GUDS LOV. Det er den som lærer deg at du er ein syndar. Ordet kastar LYS inn i hjertet ditt. No kan du leve etter Guds vilje – med ytre handlingar. Men så krev lova at hjertet må vere reint. Heilt inn, om Gud skal velsigne deg!

Då viser Gud deg den andre bodskapen. Det er EVANGELIET. Det kastar lyset på Jesus! Han har alt som skal til for at du skal bli frelst. Lova seier «gjøre». Evangeliet seier «HØRE»! Du kan høyre deg frelst. Det er det Bibelen kallar å bli frelst ved tru (Gal 2,16). Høyre og tru og takke for at Jesus har gjort alt du skulle gjere.

4. Ein siste ting du kan vere viss på: Dette klarer du ikkje å finne ut sjølv.

Same kor klok du er. Men be om Den Heilage Ande, hans arbeid er å lyse opp Guds Ord, så menneske får sjå seg sjølv – og Jesus! Ein kristen på kne ser lenger enn ein vismann på tåspissane (1 Kor 2,10).

Godt lesestoff: Rom 5,1-11.

Du kan også høre Ole Os snakke om frelsesvisshet (på UL 2011) i iTros talepodcast:

Unsplash / pixabay

Tema

Temaet på iTro i november er «Frykt ikke!». Denne saken har også tidligere vært publisert på iTro.