Sjå dei for det dei er

Sjå dei for det dei er

«Eg og flyktningane er like. Ikkje fordi eg kan forstå det dei har opplevd eller setje meg inn i det, men fordi vi alle er det same – menneske.»

Flyktningkrisen

iTro ønsker å sette fokus på flyktningkrisen vi opplever i dag, og ønsker å oppfordre våre lesere til å engasjere dere for å hjelpe flyktningene der dere bor.

Ingrid Tømmerbakk er 26 år, og bor i Ørsta på Sunnmøre. Hun har lenge engasjert seg for flyktninger som privatperson, og har nettopp startet i jobb ved et asylmottak for mindreårige.

Det handlar om livet, livet på vent. Det handlar om ei framtid ein ikkje veit noko om. Kva vil morgondagen føre med seg? For dei fleste av oss vil det vere umogleg å setje seg inn i situasjonen som flyktningar og asylsøkjarar er eller har vore i. Alt dei har reist i frå. Alt det nye dei møter i landa dei kjem til. Verda står i dag ovanfor ei krise større enn dei nokon gong har sett. Krig, elende og folk som blir tvungne til eit liv på flukt for å skape seg ei framtid. Kva har dette å seie for meg og deg?

Ven, nabo, sambygding

Dei vert snakka om i to grupper, menneska som er framande for oss, flyktningar og asylsøkjarar. For meg er dei ikkje det lenger, dei er vener, naboar og sambygdingar. Kanskje er ei av damene mi framtidige svigersyster eller svigermor. Kanskje er ein av mennene min framtidige mann, svoger eller svigerfar. Samfunnet vi lev i er fleirkulturelt, vi skal leve saman på best mogleg måte. Vi kan sjå på denne katastrofen på ulike måtar. Eg har valt å sjå på den som ei moglegheit. Eg kan få lære eller lære frå meg, eg kan få ta del i andre kulturar og innlemme andre i min kultur. Eg kan lære frå meg mine tradisjonar, og andre kan lære sine tradisjonar til meg. Det vert litt slik gi og ta.

«Eg er berre eit menneske, på lik linje med alle flyktningane og asylsøkjarane»

For meg handlar flyktningkatastrofen om å bry seg, om å sjå kvarandre for dei vi faktisk er. Eg og flyktningane er like. Ikkje fordi eg kan forstå det dei har opplevd eller setje meg inn i det, men fordi vi alle er det same – menneske. Eg er ikkje noko meir verdt enn kvinna frå Somalia, jenta frå Afghanistan eller bestefaren frå Syria. Eg er berre eit menneske, på lik linje med alle flyktningane og asylsøkjarane.

«Dei har gitt meg så uendeleg mange gleder, desse venane mine»

Ein av dei tinga eg har opplevd i møte med flyktningar og asylsøkjarar er at min eigen kunnskap om livet, verda og menneske har vokse. Eg har fått kunnskap om kulturar, språk, tradisjonar og land som eg mest truleg ikkje hadde lært så mykje om utan dei venane eg har fått. Det forundrar meg like sterkt kvar gong, korleis desse menneska som har opplevd det dei har, kan leite fram eit smil kvar dag. Dei har gitt meg så uendeleg mange gleder, desse venane mine. Gleder som mine norske venar ikkje kunne gitt meg. Eg har fått så mykje meir tilbake enn eg sjølv har gitt. Eg er dei alle evig takksam for det dei har lært meg og for at eg får vere saman med dei.

12250571_10153616755381265_973771263_o

Sjå mennesket

Ofte gjer vi ting vanskelegare enn dei er. Asylsøkjarane og flyktningane krev ikkje noko anna enn at du ser dei for dei dei er – menneske. Vi kan helse på kvarandre, spele fotball saman, prate, lære vekk nokre strofer med norsk, gå ein tur, spele spel, lage mat eller kanskje berre sjå ein film. Det handlar om at vi ikkje skal døme. Ja, terroristen var kanskje muslim. Treng det å bety at alle muslimar vil gjere liknande ting? Eg spurte ein av mine vener som no er busett i kommune, kva vi som etnisk norske kan gjere for å hjelpe ein flyktning i kvardagen. Svaret kom raskt. «Ikkje døm meg før du har blitt kjent med meg».

«Ikkje døm meg før du har blitt kjent med meg»

Eg får vondt i hjartet når eg høyrer om alle dei vonde situasjonane mange flyktningar og asylsøkjarar har opplevd i møte med nordmenn. Ord som sårar og set djupe spor, slag som har voldt smerte og skader, ei kjensle av at ein ikkje er velkomen. Dei vil ha ein ny start, eit håp om ei framtid i trygge omgivnader. Kan vi vere med på å skape dette for dei? Eg seier JA! Det handlar som tidlegare nemnt om dei små tinga. Det å få vere ein del av ein «normal» kvardag. Drikke kaffi, slå av ein prat ved postkassa, flire og gi ei hjelpande hand. Korleis kan dei lære seg vår kultur om vi ikkje lærer den til dei? Korleis kan dei bli integrerte om ingen vil ta dei med på aktivitetar eller gi dei jobb?

«For hele loven blir oppfylt i dette ene budet: Du skal elske din neste som deg selv.» (Gal. 5.14)

Kjærleik er den einaste måten vi som privatpersonar kan overvinne frykta, utryggleiken og vondskapen som i dag pregar verdsbildet. Kjærleiken er større enn alt anna.

 

 

Flyktningkrisen

iTro ønsker å sette fokus på flyktningkrisen vi opplever i dag, og ønsker å oppfordre våre lesere til å engasjere dere for å hjelpe flyktningene der dere bor.

Ingrid Tømmerbakk er 26 år, og bor i Ørsta på Sunnmøre. Hun har lenge engasjert seg for flyktninger som privatperson, og har nettopp startet i jobb ved et asylmottak for mindreårige.