Misjon – mitt ansvar

Misjon – mitt ansvar

Frå apostlane og fram til meg, i dag, går det ei ubrutt linje av menneske som har fortald nestemann om Jesus.

Tema

Tema på iTro i september er «Ansvar».

Når ein snakkar om misjon blir eg gjerne spurt om eg har fått eit konkret kall, eller eg spør meg sjølv om eg har fått det. Men uavhengig av om eg føler eit konkret kall til å drive misjon eller ikkje, er eg gjennom Bibelen allereie kalla til det.

Det siste Jesus gav sine læresveinar før han fór opp til Himmelen var eit oppdrag:

«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk» (Matt 28,18-20a).

 

Alle vi som trur på han og følgjer han, skal gå som Jesu utsendingar til verda. For å fortelje om han, og det han har gjort. Og dette er ikkje ei oppgåve som berre går til dei “spesielt kalla”, eller til «superkristne». Denne oppgåva har vi alle fått del i.

Gud elskar ikkje berre meg

Og korleis kan vi vere stille? Alle vi som har fått del i frelsa gjennom Jesu blod, har fått del i livsviktige og uendeleg gode nyheiter. Vi kjenner han som er vegen, sanninga og livet, og som seier at ingen kjem til Faderen utan gjennom han. Ingen. Han er det einaste håpet for verda og for oss menneske, som før gjekk utan håp og utan Gud i verda.

Til dei håplause kjem Jesus med si frelse, og vil gi eit evig håp. Til dei makteslause kjem han som er gitt all makt i himmelen og på jorda. Medan vi endå var syndarar og fiendar av han, kom han og gav seg sjølv for oss. Og han vann over døden, slik at vi ikkje treng frykte for noko. Han tok oss frå døden til livet. Alt dette fordi Gud elska.

Vi har fått oppdraget med å fortelje desse nyheitene vidare. Om at det finst håp for syndarar, at det finst evig liv hos Jesus. Og vi må fortelje det vidare. For Gud elskar ikkje berre meg. «Så elska Gud verda», står det (Joh 3,16). Verda! Jesus legg ansvaret for å bringe dei gode nyheitene vidare på oss. For Gud elskar alle i heile verda, og vil ikkje at nokon skal gå fortapt. Til dette oppdraget er vi alle kalla, vi som trur på han. Og vi har mange som har gått føre oss.

Dei hadde sett Jesus

Apostlane hadde vore saman med Jesus i tre år og sett alt han gjorde. Dei såg han på krossen, og dei såg han då han hadde stått opp frå dei døde. Vi ser at apostlane går i gang med dette oppdraget med stor frimodigheit, til trass for sterk motstand og forfølgelse. Dei var ikkje redde! Framfor det høge rådet i Jerusalem som ville ha dei til å halde munn om Jesus, seier dei mellom anna dette:

«Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved… Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt» (Apg  4, 12. 20).

 

Dei hadde sett Jesus. Den einaste ein kan bli frelst ved. Og kunne ikkje la vere å tala om det Jesus hadde gjort for dei.

Ikkje frelse i nokon annan

Tenk på dette: Frå Peter, Johannes og dei andre apostlane og fram til meg, i dag,  i Noreg (!), går det ei ubrutt linje av menneske som har fortald nestemann om Jesus og det han har gjort. 2000 år med folk som ikkje kunne anna enn tala om det dei hadde sett og høyrt. 2000 år med vanlege kristne som har fortald om Jesus til nokon som ikkje hadde høyrt om han før. Gjennom tusenvis av munnar som tala om Jesus har evangeliet nådd meg! Halleluja!

Så må vi sørge for at evangeliet kjem endå lenger, og til endå fleire. For mange har endå ikkje høyrt. Og det er ikkje frelse i nokon annan enn Jesus.

Vi skal heldigvis ikkje gå på denne vegen åleine. Jesus har gitt oss sin Heilage Ande som bor i oss, og som talar gjennom oss, og gjennom Guds Ord. Det er ikkje vi som skal overbevise. Det er Anden, som openberrar Ordet for oss. Og når vi går ut og gjer andre folkeslag til disiplar, har Jesus sjølv lova at han går med oss kvar dag, så lenge verda står (Matt 28, 20b). Vi er alle kalla til misjon. Og Jesus lovar å vere med. Så kva ventar vi på?

Tema

Tema på iTro i september er «Ansvar».