Mariannes julefavoritter

Mariannes julefavoritter

Sju deilige slag? Eller bare tante Sigruns magiske Nordlandskaker? (ps: inneholder kanskje en hemmeligoppskrift)

Våre favoritter

I en serie frem til julaften presenterer vi hele redaksjonens julefavoritter. Vi har også fått med oss noen venner på laget. Gled dere!

Marianne Thormodsæter er teologistudent i Oslo og jobber som TeFT-team-koordinator i NLM ung.

Pepperkaker, jødekaker, smultringer, fattigmann, krumkaker, berlinerkranser og kakemenn. Deilig tenker kanskje du, ho listar opp sju slag julekaker. Som ei som eigentleg ikkje er så veldig glad i verken julekaker eller juletradisjonar så skal eg fortelje deg om favorittjulekaka mi!

Oppskrift sa du?

Eg ringer tante Sigrun. Ho tek telefonen og spør på direkten om eg treng ei oppskrift. Ja, svarar eg. I år som alle andre år så ynskjer eg igjen å få oppskrifta på nordlandskaker. Eg blir alltid usikker på korleis eg skal gjere det. Korleis får ein sirup og surmjølk til å leve i søt harmoni med hornsalt? Tante Sigrun har heldigvis alltid svaret. Det er tydelegvis berre til å blande det saman.

Jaja, det går sikkert bra

Det raude forkledet er på og alle ingrediensane er på plass på bordet. Takka står og skin så fint på bordet. Den berre ventar på at eg skal steike noko på den. Julemusikken strøymer ut or høgtalarane medan eg byrjar forsiktig å blande ingrediensane. Det går bra heilt til det byrjar å ese veldig. Eg hiv mykje mjøl oppi og deigen roar seg. Etter ei lita stund i kjøleskapet er den klar for å kjevlast ut og steikast.

Oi, deigen var kanskje litt for klissete. Jaja, det går sikkert bra. Eg står og ser på og tenker at dette blir skikkeleg bra. Heilt til den er blitt svart på eine sida. Typisk. Det tek alltid litt nokre kaker før det blir bra.

Etter prøving og feiling har eg den perfekte kaka. Eg tek ein bit. Den er varm og ein kjenner smaken av hornsalt langt oppi nasa. Og akkurat då medan eg høyrer musikken som fortel om at Gud blei menneske og eg tek eit bit av nordlandskaka, akkurat då får eg ei lita kjensle av jul.

Dersom du òg vil ha dette som favorittjulekaka di så har du oppskrifta her:

Nordlandskaker

 

3 koppar sukker

3 koppar smelta smør

9 ts bakepulver

3 egg

3 ts hornsalt

1,5 koppar sirup

3 koppar surmjølk

3 ts vanilje sukker

mjøl til det blir tjukt.

Bland egg og sukker, tilsett sirup, sur mjølk, litt mjøl og hornsalt. Deretter mjøl til det blir så tjukt at det er vanskeleg å røre. Tilsett smelta smør til slutt. Stå 30 min kaldt!

Rull ut ei og ei med kjevle og steik på takke.

Kos deg!

John Olav Selstø

Våre favoritter

I en serie frem til julaften presenterer vi hele redaksjonens julefavoritter. Vi har også fått med oss noen venner på laget. Gled dere!

Marianne Thormodsæter er teologistudent i Oslo og jobber som TeFT-team-koordinator i NLM ung.