Jesus forstår når eg føler meg åleine, einsam, eller lid

Jesus forstår når eg føler meg åleine, einsam, eller lid

– I "Se, vi går opp til Jerusalem" ser eg litt av det Jesus måtte lide, skriv Ingebjørg Martinussen.

Min påskesang

I denne serien forteller forskjellige folk om sin favorittpåskesang.

Se, vi går opp til Jerusalem
i hellige fastetider
og ser hvordan Jesus, Guds egen Sønn
i stedet for syndere lider.

Se, vi går opp til Jerusalem.
Hvem deler vår Herres smerte?
Hvem våker med Jesus i verdens natt
og bærer hans sorg i sitt hjerte?

Se, vi går opp til Jerusalem,
til Frelserens kors og pine,
til Lammet som ofres for verdens skyld,
for syndene dine og mine.

Se, vi går opp til Jerusalem,
til byen med glans og ære,
for Frelseren sa oss at der han er,
skal vi ved hans nåde få være.

Jesus var i djup nød

Ein påskesong som kanskje ein ikkje syng så mykje, melodien er jo så dyster. Ein kjem ikkje akkurat i feel good-stemning.

Det er kanskje ein av grunnane til at denne påskesongen har blitt viktig for meg. Jesus leid og bar på ei smerte så stor, at eg aldri vil kunne forstå det fullt ut. Jesus må ha kjent på djup smerte, sorg og uvisse i møte med det som venta han.

Ikkje ein gong venene hans var til støtte og hjelp i hans djupe nød. Det som møtte Jesus langfredag, det møtte han aleine. Til og med Gud forlot han.

Ser kor mykje han elskar meg

Denne songen er blitt viktig for meg fordi den tillet meg å sjå og føle litt av det Jesus måtte lide. Og tenk, ALT var for meg. Fordi eg har synda, fordi eg ikkje klarar å leve slik eg bør, difor måtte Jesus dø.

Ved å sjå litt meir av kva Jesus leid, for meg, ser eg samtidig meir av kor mykje han elskar, kor stor hans kjærleik er til meg. Og viss eg ein gong føler meg åleine, einsam, eller lid, veit eg at Jesus forstår betre enn nokon annan, og han vil gjerne vera nær.

Livet med Jesus startar no

Songen inviterer meg til å tørre å opne auga, for det Jesus gjorde, for meg. For deg. For oss.

Det siste verset peikar fram mot det evige håpet, det nye Jerusalem, der vi ein dag skal få sjå Jesus, FACE-TO-FACE.

Men livet med Jesus startar no. Ved hans nåde, kan vi frå i dag av alltid vere ilag med Jesus.

Blir du med opp til Jerusalem, for å sjå  JESUS, som lid for deg?

Grafisk: Håkon Rydland

Min påskesang

I denne serien forteller forskjellige folk om sin favorittpåskesang.