Miraklet i kyrkja

Miraklet i kyrkja

I oktober var eg vitne til eit mirakel. Ei 15 år gamal jente hadde plutseleg blitt stum og lam i begge beina, men noko skjedde da ho blei tatt med til kyrkja denne søndagen. 

Siembra

Siembra er NLM Ungs misjonsprosjekt for ungdom. I 2012/13 skal vi i Siembra samle inn penger til Vest-Afrika, nærmere bestemt til arbeidet NLM driver iMali og Elfenbenskysten.

Jan Magnus Dybvik  er misjonær i Ouaninou, nord-vest i Elfenbenskysten.

Eg vil fortelje om noko som hende i kyrkja i Ouaninou ein søndag midt i oktober i år. Seint i gudstenesta kom ein mann og ei dame dragande på ei ung jente og sette seg på bakarste benk.

Mannen som heiter  Adama kjende eg igjen frå ei anna kyrkje. Jenta, som vi her vil kalle Asata, er 15 år og hadde saman med svigerinna til Adama kome til Touba frå hovudstaden Abidjan kvelden før.

Asata kunne stå på eigne bein og kunne snakke!

Tirsdagen før hadde  Asata plutseleg blitt stum og lamma i begge beina. Ho slo seg sjølv, og symptoma elles kunne minne om epilepsi. Dei forstod likevel at dette kunne ha med vonde åndsmakter å gjere. To-tre menn prøvde å halde henne utan at det var så enkelt. Onsdagen tok dei henne til sjukehus i Abidjan, men der fant dei ingenting. Nokre kristne damer bad så for henne, og ho blei litt betre. Asata hadde budd hos slektningar i Abidjan i ca. to år, mens foreldra budde i Koonan.

I kyrkja denne søndagen var vi fem-seks som stod i ring rundt henne og bad for henne etter gudstenesta. Vi bad Jesus om å ha medynk med jenta og hjelpe henne. Etterpå drog vi til helseklinikken i Ouaninou like ved kyrkja. Adama bar dottera si på ryggen. Kona mi og eg var med. Doktoren der sa han trudde det var eit problem med nervar i hovudet og at ho måtte til eit stort sjukehus i Abidjan for å få hjelp.

Adama bar henne  så tilbake til kyrkja. Sjølv gjekk han for å kjøpe nokre medisinar. Då han etter ei stund kom tilbake blei han forundra. Asata kunne stå på eigne bein og kunne snakke!

Nokre timar seinare på dagen såg vi henne igjen, og ho var blitt frisk!

Sjølv fortalde ho  at ei vond åndsmakt hadde forlate henne. Ånda hadde sitte på henne og var tung, sa ho. Ho begynte å gråte. Ei veke før ho blei brått sjuk hadde ei vond ånd bedt henne om å bli hennes lærling og ho måtte gjere det som ånda bad henne om. Det blei sagt til henne som i ein draum, og den som snakka var ei tante. Asata blei bedt om å ofre ei anna tante og mannen hennar, men ho ville ikkje. Difor blei ho straffa med sjukdom.

Det var stort  å vere vitne til dette mirakelet. Kona mi, eg og fleire med oss såg at Asata var lam og kunne ikkje snakke. Nokre timar seinare på dagen såg vi henne igjen, og ho var blitt frisk! I våre augo var dette eit tydeleg under. Sjølv sa Asata at det var bønna som hadde gjort henne frisk. No bur ho hos sine kristne foreldre og får lære om Jesus både i heimen og i kyrkja.

Foto: This is Africa (TIA)/flickr.com
(Dette er et illustrasjonsbilde. Asata og familien ville helst ikke bli fotografert)