– Me fekk kjenne at mange bad for oss og at Gud såg oss og styrka oss i kvardagen
Misjonærene Marianne og Svein har brukt halve ekteskapet sitt i karantene i Peru.
Som 24-åring reiste Marianne Thormodsæter som misjonær til Peru.
Fire og et halvt år senere er hun fortsatt i Peru, har utvidet navnet med “Lindtjørn” etter at hun giftet seg med Svein, og har i tillegg blitt “Stedlig representant” for Norsk Luthersk Misjonssamband – noe som vil si at hun er leder for arbeidet de driver i Sør-Amerika.
Og 2020 har på mange måter blitt et annerledes år enn hun hadde sett for seg.
Kjente at mange ba for dem
– Har dere merket noe til koronapandemien i Peru?
– Her har det vore veldig strenge tiltak. Me måtte sitte i karantene i 169 dagar. Karantene her betydde at me berre hadde lov til å gå ut av huset om me skulle på matbutikken, apoteket eller sjukehuset. Så for oss så har me merka veldig godt koronapandemien. Det byrjar heldigvis no å bli meir normale tilstander.
– Hvordan var det å sitte så lenge i karantene?
– Når ein nesten ikkje kan gå ut på 6 månadar så må ein berre vere kreativ. Det var krevjande å sitte inne så mykje som me gjorde då me er vane med å vere mykje ute. Men, ved Guds hjelp så kom me gjennom det.
Marianne er også takknemlig for at det er mange som ber for henne og arbeidet hun står i, noe hun kjente ekstra på i en krevende karantenetid.
– Det var òg ei stund der me fekk kjenne på at mange bad for oss og at Gud såg oss og styrka oss i kvardagen. Så, no etter å ha vore gjennom det så klarer me òg å sjå på det som ei fin tid. Ei tid til å roe litt ned og til å ha tid saman som ektepar. Då karantena var ferdig så hadde mannen min Svein og eg brukt halve ekteskapet i karantene.
Ydmyk i møte med peruanske kristne
Det er mange ting som har gjort inntrykk på Marianne den siste tiden, og hun forteller at hun blir ydmyk i møte med andre i Peru.
– Når eg møter brødre og søstre i kyrkja som nærast ikkje har hatt pengar i karantenetida, som har vore sjuke og som har mista nære familiemedlem. Som likevel midt i det heile prisar Gud for hans omsorg og godleik i denne tida. Det gjer meg audmjuk og får meg til å innsjå kor godt me har hatt det heile tida då me har vore innesperra.
Reiste ut som ung
– Hva er det beste med å være misjonær i Peru?
– Å få lov til å tene Gud! Å få lov til å bu i akkurat dette landet, få jobbe saman med samarbeidskyrkjene våre, få lov til å vere eit vitne med livet mitt. Peru er eit spanande land og det er eit spanande arbeid me står i. Men mest av alt så er det å få lov til å stå i tenesta så er det beste med å vere misjonær i Peru.
– Hvorfor trengs det norske misjonærer i Peru?
– I Peru jobbar me saman med den lutherske kyrkja og det meste av arbeidet vårt er saman med dei. Me ynskjer å støtte dei og gå saman med dei. Det er ei ung kyrkje i Peru og me ynskjer å bidra til at kyrkja blir meir utadretta og kan nå fleire menneske med evangeliet!
Eg tenker at her eg er, her er eg
– Du er jo fortsatt ganske ung vil mange si, og var enda yngre da du reiste til Peru. Hva vil du si til andre unge folk som vurderer å bli misjonærer?
– Ikkje tenk at du er for ung! Det er mange fordeler ved å reise ut som ung og å reise ut som singel. Ein kan då lett kome seg inn i språket, kulturen, arbeidet og få eit godt nettverk. Eg vil oppmode alle som vurderer å reise ut til å ta kontakt med NLM for å sjekke opp i mogleikar.
– Savner du ikke Norge iblant?
– Ja, det er jo klart! Men det er jo heldigvis enkelt å ha kontakt med familie og vener i Noreg. Eg tenker at her eg er, her er eg. Og då går det veldig fint å ikkje tenke så mykje på Noreg eller å sakne Noreg. Det er viktig å vere tilstades der ein er.