– Jesus er lys og difor skal me få lov til å lyse for andre!

– Jesus er lys og difor skal me få lov til å lyse for andre!

Marianne fortél om korleis det er å feire jul i Peru, der ho saman med familien er misjonær for Misjonssambandet.

Jul i utlandet

I dagene frem mot jul får vi høre hvordan noen misjonærer/utsendinger i utlandet feirer jul.

Marianne Thormodsæter Lindtjørn bur i Peru saman med mannen Svein og dottera deira. Dei er utsendingar for Misjonssambandet, og fortél om korleis det er å feire jul i Sør-Amerika.

– Som regel plar me å feire jul med dei andre norske, dersom det er andre norske her, fortél ho. 

Den peruanske julekaka paneton.

– Då plar me å lage til ei lita julegusteneste, ha graut og julemiddag på ettermiddagen. Og sjølvsagt eit par gåver. Elles så er det ganske roleg her ute! Og så har me sjølvsagt paneton – den klassiske peruanske julekaka. Faktisk ganske god, om den er heimelaga!

Saknar familie, pinnekjøtt og snø

– Korleis er julefeiringa deira annleis frå då de var i Noreg?
– Eg syns det er mindre stress her ute enn i Noreg. Me er frie til å gjere det me vil rundt jula utan at det er nokon forventningar til oss.

Peruansk juletre

– Det er jo sol og sommar her på denne årstida så det er heller ikkje så mykje som minnar om jul i varmen, men på kvelden når det endeleg blir mørkt og lysa skin så er det jo koseleg! Elles så er det heller ikkje så mykje pinnekjøtt å oppdrive, diverre.

– Kva saknar de særleg frå norsk jul?
– Heilt enkelt: familie, pinnekjøtt og snø!

– Er det noko du likar betre med å feire jul i Peru?
– Det er mindre stress, forventningar og gåver. Det er deilig! Ettersom det er sommar no straks så byrjar òg sommarferien for folk så då plar me ta ut litt «jule-sommarferie» og reise til kysten.

Lyset i mørkret

– Har du nokre tankar om jula som du vil dele?
– Eg håper me kan bruke advent og jul til å hugse på at lyset kom til oss, Jesus er lys og difor skal me få lov til å lyse for andre! Så, eg håper me kan hugse litt ekstra på det med alle lysa som skin ute i mørkret no, avsluttar ho og trekk fram to bibelvers om dette:

Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda, den som følger meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys. (Joh 8,12) 

For Gud, som sa «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram. (2 Kor 4,6)

 

Privat

Jul i utlandet

I dagene frem mot jul får vi høre hvordan noen misjonærer/utsendinger i utlandet feirer jul.