UP Tilbake
Flyttet tilbake til Elfenbenskysten

Flyttet tilbake til Elfenbenskysten

Mona Heng har flyttet til Elfenbenskysten for å bli bedre kjent med og bidra i misjonsarbeidet i landet der hun vokste opp.

Misjon

Mona Heng (20) er ”ettåring” for NLM i Elfenbenskysten. Dette betyr at hun er en type miljøarbeider i ett år, med mye kontakt med de norske misjonærbarna, samtidig som hun også har en del andre oppgaver.

Eg bur no i storbyen Abidjan, den største byen i Elfenbenskysten, med rundt 5 millionar innbyggjarar, forteller Mona Heng (20).

Mens Mona gikk på Bibelskolen Fjellheim i fjor, hørte hun om muligheten til å flytte et år til Elfenbenskysten, for å jobbe som ”ettåring” (se faktaboks) for NLM der. Denne tanken vokste i henne, og et par måneder etter at bibelskoleåret var over, var hun på plass i Vest-Afrika. Et sted som kanskje ikke var helt tilfeldig valgt.

Tilbake i huset hun vokste opp i

– Som lita jente vaks eg opp i ein liten landsby nordvest i Elfenbenskysten, og då eg skulle byrje i 1. klasse flytta eg med familien min til storbyen Abidjan, forklarer hun.

Mona er altså et misjonærbarn, og bor nå faktisk i det samme huset som hun bodde i for 13 år siden, før familien flyttet tilbake til Norge. Likevel sier Mona at hun ikke visste så mye om misjonsarbeidet foreldrene og de andre misjonærene drev med, og at dette var en av grunnene til at hun nå ville tilbake til Elfenbenskysten.

– Då spørsmålet om å reise ut igjen som eittåring byrja å svirre rundt i hovudet på meg, vart dette eitt av argumenta for. Eg ville lære meir om misjon og arbeidet som vert drive i utlandet for å nå nye menneske i andre kulturar, forteller hun.

Leksehjelp, barneklubb og franskkurs

– Men hva gjør egentlig en ettåring i Elfenbenskysten?

– Fire av misjonærbarna går på ein amerikansk skule her i byen og treng derfor å få litt norskundervisning over nett. Eg hjelper til med leksene frå den internasjonale skulen og har nokre dagar i veka der eg assisterer dei gjennom globalskuleopplegget på nett.

I tillegg har Mona også andre oppgaver i løpet av en vanlig uke.

– Annakvar fredag har me barneklubb for dei yngste skuleborna og dei andre fredagane er det ungdomskveld. Utanom desse oppgåvene går eg på franskkurs og held på å lære fransk slik at eg lettare kan kommunisere med dei lokale. Noko som kjem godt med då eg òg er med som hjelpeleiar i søndagsskulen i kyrkja, der me berre snakkar fransk.

Når hun er ferdig med det ti uker lange franskkurset, kommer det også til å åpne seg noen flere muligheter for Mona.

– Etter franskkurset kjem kvardagen til å sjå litt annleis ut igjen. Då får eg moglegheita til å vere litt meir på kontoret, bli betre kjend med arbeidskollegaene mine der og bli med på alfabetiseringskurs ein dag i veka.

Besøk i landsby i bushen

­ – Byr livet i Elfenbenskysten på mange spennende opplevelser?

– Å bu og og bli kjent med ein annan kultur er jo spanande i seg sjølv. Samstundes har eg moglegheita til å reise rundt og oppleve landet og  besøkje misjonsarbeidet medan eg er her.

En av tingene Mona nevner som ekstra spennende var da de hadde besøk av noen elever fra Tryggheim ungdomsskole som hadde misjonsprosjekt i Elfenbenskysten.

– Då reiste me 11 timar i bil på humpete og holete vegar for å kome fram til landsbyen der nokre av NLM sine utsendingar bur. Me fekk besøkje kyrkja, snakke med misjonærane og høyre om korleis ein driv evangelisering i små landsbyar der islam og animisme står sterkt, forteller Mona.

– I tillegg fekk me besøkje endå ein landsby, besøkje rismarkene, ta ein runde og helse på omtrent alle i landsbyen før me sette oss ned til måltidet. Me fekk servert lokal mat som me åt med henda og ein liten slurk tradisjonsbrygga te til dessert. Gjennom dette besøket fekk me oppleve litt av korleis det er å bu langt inni bushen der få eller ingen har høyrt om evangeliet og kor viktig det er å få kontakt og tillit med lokalbefolkninga slik at det kan skapast ei dør for evangeliet.

Annerledes å være tilbake

– Hvordan var det å komme tilbake til Elfenbenskysten?

– Sidan eg kom tilbake til same byen og same huset som eg sjølv har budd i då eg var ei lita jente fekk eg ei kjensle av å kome heim igjen til noko kjent og kjært. Samstundes er det 13 år sidan eg reiste frå landet, og huset har krympa og byen vakse. Dei særeigne luktene og lydane, det yrande livet i gatene med marknad, boder langs vegen der ein får tak i alt, kjøp og sal-moglegheita midt mellom bilane i trafikken – for ikkje å nemne den kaotiske trafikken – er ting som eg hugsa godt frå barndommen og som vart eit kjært velkomstsyn. Samstundes er det ganske annleis å vere tilbake igjen. Eg har budd fleire år i Noreg no og kulturen her i landet må dermed opplevast på ny.

Selv om landet og kulturen var godt kjent da Mona var liten, merker hun at det er annerledes å komme tilbake som 20-åring.

– Språket er den størst utfordringa, forklarer hun, – Det å kjenne seg begrensa når du skal i butikken, snakke med hushjelpene og vaktene, kome deg rundt i byen med taxi – tenk så deilig å kunne snakke fransk flytande!

Be om fred, ro og sikkerhet

– Er det noen ting vi i Norge bør huske spesielt på i bønn?

– Det er eit spanande, men ikkje minst viktig arbeid som vert drive her i Elfenbenskysten for å gå ut med evangeliet til folk. Bli gjerne med og be for arbeidet her i storbyen Abidjan og i dei mindre landsbyane i nord. Be gjerne spesielt for pastorfamiliane, medlemane i kyrkja og for dei som ynskjer å vere kristne, men møter på utfordringar grunna den muslimske tradisjonen og bakgrunnen dei står i. Be òg gjerne om fred, ro og god sikkerheit her i landet og for misjonærane som bur her.

Du vil kanskje også like:

Siste fra hver kategori