Steingrunnen

Steingrunnen

Ikkje den nyaste, men ein av dei beste

Lest:

Steingrunnen

Bo Giertz

Sambåndet forlag (1996)


Etter at eg  hadde lest den første sida i denne boka tenkte eg ”hjelpe meg, korleis skal eg klare å lese meg gjennom denne boka?”.

For Steingrunnen har  ikkje det mest moderne språket. Historia er heller ikkje tatt frå den mest moderne tida. Men den har ein bodskap som er like aktuell no som då.

I Steingrunnen tar  Bo Giertz oss med tilbake til Sverige på 1800-talet. Der møter vi først ein mann ved namn Savonius, som er ansatt som prest. Vi følgjer han gjennom ei rekke hendingar som til saman gjer at han blir totalt forvandla på fleire område.

Du kjem sikkert til å kjenne deg att i nokre av spørsmåla som blir tatt opp

Vi får vidare  lese korleis denne forvandlinga påverkar forholdet hans til Gud og til dei rundt han (både på godt og vondt). Boka skildrar på ein grundig og flott måte kva konsekvensar det kan få for oss menneske når vi verkeleg slepp Gud inn i liva våre.

Du kjem heilt  sikkert til å kjenne deg att i nokre av spørsmåla karakterane i boka stiller til seg sjølv eller andre. Den skildrar i tillegg (på ein til tider humoristisk måte) korleis kristne ofte klarar å hamne i konflikt med kvarandre på ein eller annan måte, og kva konsekvensar dette kan få (på godt og vondt).

Sjølv om boka ikkje er topp moderne, er den likevel aktuell

Det som er  fascinerande med å lese Steingrunnen er at mange av konfliktane, dilemma og spørsmåla som kjem opp, kunne like gjerne vore ein sak i dagens kristne samfunn. Dette gjer at sjølv om boka ikkje er topp moderne på alle måtar, er den likevel aktuell for oss som trur på Jesus.

Men først og  fremst er Steingrunnen ei bok som kan hjelpe deg til å forstå evangeliet. Og den fortel grundig kva evangeliet går ut på. Lesaren får vere med på vegen eit menneske går frå å ane fred og ingen fare, til å hamne i seriøs syndenød, og til han til slutt vender om og får kjenne gleda over å vere frelst.

Ei oppklarande og opplysande bok

Ord som syndenød  og omvendelse er kanskje ukjente omgrep for deg? Dersom du kjem deg gjennom Steingrunnen, vil du nok forstå litt meir kva det er snakk om. Det er ei oppklarande og opplysande bok som alle kan lære noko av.

Eg vil kanskje  ikkje anbefale å starte med denne boka dersom kristen litteratur er heilt nytt for deg. Då kan det hende du får litt ”skrekken” for å gå laus på andre bøker.

Steingrunnen – ein klassikar

Men dersom du  har lest litt i kristne bøker tidlegare, og føler at noko av det blir litt for ”lett” for deg, er Steingrunnen eit godt alternativ. Kjem du deg gjennom dei 40 første sidene, er du hekta, men ver tolsam. Det tar nemleg litt tid før svaret på kva denne steingrunnen faktisk er, blir avslørt.

Eg håpar du  på eit eller anna tidspunk set deg ned med denne boka. Den er ein klassikar, og det er ein grunn til at den har blitt gitt ut på nytt og på nytt.

Så då gjenstår  det berre å seie god lesing! Kos deg!

Foto: Privat