Korleis skrive ei andakt III

Korleis skrive ei andakt III

Spanande, utfordrande, givande og fantasifullt.

Andaktsplanlegging kan vere spanande fordi du får studere Guds ord på ein annan måte enn når du les for deg sjølv. Utfordrande fordi det ikkje er alt som er like enkelt å formidle (kanskje spesielt til små born). Givande fordi du får lære så mykje undervegs i prosessen, både om deg sjølv og temaet du skal formidle. Og fantasifullt, ikkje fordi du kan dikte om det som skjedde, men fordi du kan utfalde deg sjølv på den måten du sjølv vil. Du kan teikne, dramatisere, vise filmar eller bilete, trylle eller kva som helst anna du føler deg komfortabel med. For meg er planlegging av andakt eigentleg alle desse tinga.

Det høyrest forferdeleg slitsamt ut å planleggje andakt

For andre som kjem inn på stova når eg held på med planlegging av andakt ser det ut som om alt er fullstendig kaos. Sjå det føre deg: bøker, lappar, teikningar, biblar, pennar, tusjar og datamaskin som er plassert utover golvet. Det er faktisk slik det ser ut. Skrivepulten på kontoret er for liten og bordet er det lenge sidan eg slutta å bruke. Eg brukar vel litt for mykje plass til tider.

Prosessen går litt slik når eg held på:

1.Val av tema.
2.Barnebiblar, biblar, notatar, leksikon og andre hjelpemiddel blir tekne fram.
3.Teksta/tekstene vert leste og spørsmål/viktige punkt nedskrivne. (parallelltekstar i Bibelen er gode å bruke)
4.Teikningar av viktige poeng/hendingar vert skisserte.
5.Reinskriving av andakta
6.Markering av viktige ting/hendingar i andakta
7.Ved dramatisering – berre ein liten papirbit med dei aller viktigaste punkta på for best innleving.

Det høyrest forferdeleg slitsamt ut å planleggje andakt, men det er det ikkje!! Eg kosar meg når eg gjer det, sjølv om det ser ut som det er mykje arbeid. Eg teiknar for å kunne sjå heilheita. Lagar meg gjerne eit eige kart (med litt feil avstandar og feil målestokk når ein ser ting i forhald til kvarandre). Kanskje ein raud ring på staden der nokon vart drept, ein gul ring der noko spesielt skjedde, ein blå strek der elva renn, lilla skriv eg stadsnamn (byen) med, rosa skriv eg provinsen/landet, osv. Det å lese over mine notat er ikkje alltid enkelt, det er mitt eige hemmelege språk til tider.

Alle som høyrer på er ulike og derfor er det viktig at vi som formidlarar også er forskjellege

Eg har ganske mange fargerike skisser og teikningar. Mange lappar for å bli einig med meg sjølv. Tankekart og andre ting. Dersom eg skal oppsummere andaktsplanlegging med nokre få ord så må det vere; Andaktsplanlegging er for meg studie av Guds ord. Fokus, lytting og tenking. Det gir deg ein perfekt sjanse til å leite fram fantasien i deg sjølv og utfolde deg slik du helst vil.

Eg har mest andakter til born. Noko som gjer at eg til ei kvar tid kan utfalde meg på nye eller forskjellege måtar. Eg prøver så godt eg kan å leggje tilrette for borna. Nokre treng drama for å henge med, andre treng bilete og andre visuelle ting. Alle som høyrer på er ulike og derfor er det viktig at vi som formidlarar også er forskjellege. Det eg er god til er det ikkje alle andre som er gode til og omvendt. Hugs for all del at Gud er med deg! Planlegging av andakter er ikkje noko du skal gjere aleine, men saman med Gud.

Lukke til!

Dette er deltre av fire av onsdagsserien vi har nå,serien eret andaktsverksted. Her vil fire forskjellige folk fortelle om hvordan de forbereder en andakt. Her kan du få hjelp om eller når du skal holde andakt selv. Denne gangen er det Ingrid Tømmerbakk som forteller.

Foto:Josh Liba på flickr.com