Jentekveld og guttekveld

Jentekveld og guttekveld

Som jente har eg lurt på to ting; korleis er det eigentleg å vere med på ein skikkeleg guttekveld? Og kva trur eigentleg gutane at me jenter gjer på ein jentekveld?

Tips og triks

Vi i iTro har omsorg for hele deg, og har en overflod av mer eller mindre fornuftige råd til enhver anledning.

Tips & trikser spalten hvor vi hjelper deg å karre deg gjennom den grå hverdagen.

For å få ei oppklaring i saka, inviterte eg nokre veninner på «guttekveld», deretter inviterte eg ein gjeng gutar på «jentekveld» for å sjå korleis dei trur me pleier å ha det.

Guttekveld med jenter

Endeleg kom dagen  der eg skulle henge med «gutta», og endeleg skulle eg få moglegheit til å bruke Playstation 2’en som hadde stått og støva ned sidan årets spontankjøp på finn.no. Eg sov lenge og tok på meg nokre joggeklede, som var sånn circa reine. Her er det sjølvsagt viktig å nemne at eg ikkje dusja, men heller berre tok hua mi på. Ekte gutar dusjar jo berre då dei blir bedne om det, og hue er vel det beste hårmiddelet som finns!

Eg gjekk heile vegen til butikken for å kjøpe grandis og cola. Som alle veit, er det jo det som erhovudingrediensane i ein skikkeleg guttekveld! Det var hardt å stå imot å kjøpe Pepsi Max, så eg stod ikkje i mot. Då besøket kom hadde alle med seg noko digg som blei kasta rett på bordet, sidan gutar vel ikkje pleier å ha reine skåler!

Me byrja med  å slenge beina på bordet, ete oss mette på snop og å spele «Need for Speed» (Det blei berreein som fekk spele om gangen, då det var litt koplingsproblem). Kommentarar som «Sjekk hu dama der a!» og «Wow! For ei dame!!» høyrde sjølvsagt med. Her er det kanskje verd å nemne at den lekre dama var ho som var med i introen til «Need for Speed».

Tre ting jenter lærte etter gutekvelden

• Gutar har eit avslappande liv
• Grandis og cola er digg
• Det er fint å sleppe å tenkepå korleis ein ser ut

Vidare blei det grandis og film. Kva film det var me skulle sjå, spela ikkje så stor rolle, det viktigaste var at det var menn med pistolar på coveret. Det var kanskje ikkje tidenes film, men den var mandig og enkel, slik som gutar pleier å vere.

Jentekveld med gutar!

«Me skulle vel  eigentleg vore på Justin Bieber-konsert i kveld» er det første ein av gutane seier då jentekvelden er i gang. Før eg veit ordet av det har dei satt på jentemusikk, starta på browniesen og satt seg i sofaen og fått i gang samtalen om kjærleik. Som om jenter berre pleier å snakke om kjærleik på jentekveldar!

Browniesen steiker dei heilt perfekt. Kanskje dette er den feminine utgåva av grandis? Dei syns så det er på tide medansiktsmaske og brukar god tid på å finne den som passar for hudtypen deira. «Kanskje dette er starten på ein ny og betre livsstil?» kjem det frå sofaen.

Gutane er jo meir opptekne av å finne rett ansiktsmaske enn det jenter er! Med Celine Dion i bakgrunnen smørar dei på ansiktsmaska og slår fast at det ikkje er noko i vegen for at gutar kan bruke ansiktsmaske.

Dei tek til  å snapchatte og ta bilete av seg sjølve, noko som såg ut til å kome veldig naturleg for dei, uavhengig om det hadde vore jentekveld eller ikkje…

Eit hyppig samtaletema er sjølvsagt kviser. Ein av dei er usikker på om det var kebaben han åt i går, eller om det er ein annan grunn for kviser. Eg kunne jo sjølvsagt ha opplyst dei i deira uvisse, men let vere.

Vidare er det endeleg tid for film. Dei endar på ein kjærleiksfilm med ein openlys lukkeleg slutt. «Eg trur eg har sett denne filmen før», seier ein av gutane, før det kjem ein rask respons: «Typisk jenter å sjå ein film fleire gonger!».

Då ein og  ein halv times kjærleiksskildring med fnising og overanalyseringav filmen er ferdig går det brått over i »jentesnakk». Det kjem då fram spørsmål som: «Bør eg seie til ho at eg likar ho?» og «Eg veit ikkje heilt kva ho meinte med det ho sa».

Tre ting gutane lærte etter jentekvelden

• Det er fint å ta vare på ansiktet sitt

• Det er godt å kunne snakke om kjærleiksproblem

• Brownies og is er sååå godt!

Viss nokon trur at jenter er dei som overtolkar og analyserer alt, tru om igjen. Gutar er verre!

Foto: Marianne Thormodsæter