Engelen

Engelen

Av og til dukkar det opp filmar som er viktigare enn andre.

For nokre dagar sidan var eg på utekino på taket til den nye operaen i Oslo, og hadde ein av dei mest ubehagelege kveldane eg har hatt på lenge. Engelen, som hadde premiere på kino på fredag, er Margaret Olin sin første fiksjonsfilm, og er basert på mange års dokumentararbeid der ho har fulgt livet til ei heroinavhengig jente i Oslo. I filmen har ho fått namnet Lea, spelt av Maria Bonnevie. Til tross for at dette er ein spelefilm, har filmskaparen klart å bevare den realistiske opplevinga og dei nære personskildringane som ho har gjort til sitt varemerke innanfor dokumentarsjangeren.

Når eg no  anbefalar denne filmen på det sterkaste, blir spørsmålet: Kvifor skal folk gå å sjå ein film som inneheld alt det me helst ikkje vil tenke på, det som me stenger ute fordi det blir for ubehageleg å forhalde seg til? Dødsfall som følge av kreft, vald og alkoholisme i heimen, overgrep, heroinmisbruk og prostitusjon. Kven orkar å få dette servert gjennom augene til ei som har opplevd det, og skildrar det på ein påtrengande realistisk måte? Dette er på ingen måte oppskrifta på ein publikumssuksess…

Eg er trygg på at ingen gjekk ned igjen utan å sjå byen sin og menneska rundt seg på ein ny måte

På det marmorbelagde  taket i Bjørvika var me likevel om lag 200 mennesker, og eg er trygg på at ingen gjekk ned igjen utan å sjå byen sin og menneska rundt seg på ein ny måte. For medan det knytte seg i magen, og eg sjekka klokka for å sjå om ikkje rulleteksta kom snart, kom forteljarstemma med ei av dei mange poetiske linjene som knyt filmen saman: «Jeg lærte å fly» – ho hadde byrja å bruke heroin – «jeg ble løftet bort, og virkeligheten var ikke virkelig lenger». Tenk, det som for meg var to utrivelege timar under stjernehimmelen, sanseinntrykk som eg etter beste evne prøvde å filtrere vekk og distansere meg frå, og til og med fråskrive meg ansvaret for, det er realitetane mange møter kvar dag. Ein vond draum som ein aldri vaknar opp frå, ein klump i magen som alltid er der. Løysinga blir ofte ei flukt i form av eit rusmisbruk som berre fangar og binder ytterlegare. Rulleteksta kjem aldri.

Det er ein himmelropande urett

Filmen tvingar fram  ein reaksjon: Me kan ikkje godta at menneske har det så vondt. Det er ein himmelropande urett. Men kva skal me gjere med det?
Olin sin bodskap er klar: Me må løfte hovudet opp av sanden og slutte å late som om desse menneska ikkje fins. Me kan ikkje la det skure og stole blindt på at dei statlege institusjonane skal rydde opp. Det handlar om å sjå kvarandre, å bry seg. Den store tragedien i Engelen er at dei få menneska som ikkje gjer Lea noko vondt, til dømes læraren hennar, heller ikkje gjer noko for å hjelpe, trass i at dei ser behovet.

Likninga om  den miskunnsame samaritanen (Luk 10) lærer oss at me ikkje skal gå forbi dei som har det vanskeleg. Men eg trur me treng filmar som denne for å sjå at dette faktisk gjeld i vår eigen kvardag.

Foto: Sandrew Metronome/Speranza

Margareth Olins film Engelen hadde premiere fredag 2. oktober.

Filmen har 15 års aldersgrense, og inneholder skildringer av omsorgssvikt og overgrep. iTro anbefaler ikke på noen måte Engelen til ungdom under 15 år.

Dette er en brutal film, dessverre basert på en sann historie. Hvis du først velger å se den – vil vi gjerne at du reflekterer rundt det du ser. Derfor velger vi å publisere Kristian Lids kommentar til filmen her.