Under sjala

Under sjala

Eg må tilstå at eg er utrygg på dei. Kanskje redd dei til og med. Damene under sjala. Men så reiste eg til der dei er på heimebane.

Misjon

I denne spalten kan du lese om misjon sett fra forskjellige perspektiv.

Dei eg møter på T-banen og trikken, på gata utanfor blokka mi eller i kassa på butikken.

Eg ser dei,  men det eg ser er først og fremst eit sjal. Eit sjal som representerer alt som er framand. Ein religion, eit samfunn og ei livshistorie som har så lite felles med det eg kjenner. Så eg går forbi damene under sjala.

Så høyrde eg om kampane i liva til damene under sjala

Men så reiste  eg til der dei er på heimebane. Plutseleg var ikkje sjalet eit teikn på at ein er framand. Plutseleg var sjalet eit teikn på å høyra til. Så tok eg på meg eit, eg også. Eit sjal. Og under det eit skaut stramt rundt hovudet. Eg fann eit klamt underskjørt og ein vid kjole i skarpe fargar. Så var eg ei av dei for ei stund. Ei dame under eit sjal.

Så snakka eg med dei. Og høyrde dei synga. Og såg dei le. Og smilte til dei medan dei vogga dei nyfødde barna sine. Eg møtte dei på gata. Eg møtte dei på skulebenken. Eg spiste maten dei hadde laga. Eg kjende meg trygg og velkomen på heimebanen deira.

Så høyrde eg  om kampane i liva til damene under sjala. Om strevet for å få mat på bordet. Om valden, om overgrepa, om krigen. Om mennene og slekta. Om undertrykkinga. Om frykt for å møta domen.

Men så høyrde eg også om dei som gir alt. Om å gå vidare frå det som har vore, med løfta hovud og eit klart blikk framover. Om samhald. Om omsorg for sine. Om latteren, venninnepraten og draumane. Om vilje til å høyra om andre sine kvardagar og tankar om dagen i dag, i morgon og evigheita. Om opne heimar. Om tid til å sjå menneska dei møter.

Damene under sjala er damer, ikkje berre sjal

Eg kjenner dei framleis ikkje. Men no veit eg det kanskje litt betre. Damene under sjala er damer, ikkje berre sjal. Dei er menneske, ikkje berre kultur. Dei har relasjonar, ikkje berre system.

Dei er ganske like meg, faktisk. Kanskje eg skal bli kjend med ei av dei. Ei eg møter på T-banen eller trikken, på gata utanfor blokka mi eller i kassa på butikken. Dei er ikkje farlege. Dei har mykje å læra meg og gi meg. Eg har mykje å læra dei. Eg må berre starta med sjå dama under sjalet.

Ill.foto: Wrote / flickr.com