Når ein er det ein gjer

Når ein er det ein gjer

For litt over 2 år sidan levde Simon (24) eit ganske annleis liv enn i dag.

Tema

Tema på iTro.no i januar er «Meg!«.

Herkan du lese Simon sitt eige vitnesbyrd om det han har opplevd med Gud.

Han trente mykje, sprang maraton, var engasjert i forsamlinga han gjekk i, og var med på det aller meste av det sosiale som skjedde. Det verka som om ingen ting kunne stoppe han, men ein dag sa alt stopp.

Han kunne ha problem med å gå korte strekningar, og sosiale kveldar tappa totalt for krefter. Igjen sat han med ein heil haug med tid.

Tid kan ein  bruke til så mangt, og Simon fekk mykje tid til å tenkje over kva som faktisk er viktig i livet. Spørsmål om verdi og identiteten opptok tok mykje tid.

B-mennesket var plutseleg forvandla til ein som sto opp før skulen og leste i Bibelen

Han byrja òg  å ta seg ekstra god tid til å setje seg ned med Bibel og bønn i ro og mak. B-mennesket var plutseleg forvandla til ein som sto opp før skulen og leste i Bibelen. Og han fekk erfare at dersom ein brukar tid med Gud kjem ein ikkje tomhendt tilbake. For det var Gud som gav han svara på alt han grubla på.

Simon innsåg at han ubevisst hadde lagt verdien sin i alt han gjorde (som var veldig mykje). Og når ein er det ein gjer er det tungt å plutseleg ikkje kunne gjere nok som helst. Men Gud viste han gjennom ein lang prosess at verdien låg i at han var elska av Gud, og at det var nok. Uansett kor mykje som blei tatt frå han, var det noko igjen som forsatt gjorde at han var Simon, og at han verdifull: Guds nåde, Guds kjærleik, og relasjonen til Gud.

For når eg er veik, då er eg sterk

Då Simon mista  alt vart Gud stor, og han fekk erfare det som står i 2. Kor 12,9-10:

Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst.For når eg er veik, då er eg sterk.

Gud lengtar etter at du skal få erfare det same i ditt liv, at han skal få vise deg kor verdifull du er uavhengig av kva du kan og ikkje. For det er du!

Foto: Håkon Madland

_________________________________________________________________