Nåden er ei gåve

Nåden er ei gåve

- Det er ikkje meg det står på, det har aldri vore det. For viss det hadde vore slik, ville det gått dårleg med meg.

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.

Jesus, no skal eg aldri svikte deg igjen!

Dette er ei setning eg har sagt alt for mange gongar. Det var dette eg var bestemt på når eg tok valet om å følgje Jesus for snart 5 år sidan.  No skulle eg aldri gjere noko dumt igjen, for då ville det heller aldri skje meg noko vondt. Eg var så sikker på at det ikkje skulle skje meg vonde ting.

For høge krav

Som dykk sikkert forstår gjekk det ikkje sånn som den 14 år gamle utgåva av meg tenkte. Vonde ting skjedde. Det kjem til å skje vidare også, men det var reaksjonen min som var det verste.

For eg hadde, og har, ein tendens til å sette meg alt for høge krav. Som at no skal eg lese denne leseplanen på 5 kapittel kvar dag. Nokon dagar går det, men så kan det gå lenge utan at eg opnar bibelen ein gong. Det gjeld like mykje før som no, men greia var at før skulle eg liksom fikse det sjølv.  Eg sa til meg sjølv ”okay, no må eg slutte å baksnakke, så kan eg på ny vere ein kristen”. Eg vendte meg ikkje til Jesus til hjelp eg skulle greie alt sjølv. For eg var så høg på meg sjølv og tenkte at eg skulle no fikse opp i dette.

Bibelvers og god tid ble vendepunktet

Det som blei vendepunktet for meg var eit bibelvers og god tid.

”For av nåde er de frelste, ved tru. Dette er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.” Ef. 2.8-9

Grunnen til at eg ikkje søkte Jesus var at eg ikkje var verdig. Dette stemde, men bibelverset fekk meg til å innsjå. Det er ikkje meg det står på, det har aldri vore det. For viss det hadde vore slik, ville det gått dårleg med meg. Så når det gjekk dårleg byrja eg heller å prøve å be, og søke Jesus. For eg veit at eg fiksar det ikkje sjølv. Det eg skal gjere er å tru, så får eg hans nåde.

Tilgiving å få

Er ikkje det heilt fantastisk, når ein ikkje greier noko så er det tilgiving å få. Det betyr ikkje at ein skal synda med påskotet om at nåden er større, heller tvert imot.

«De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud» 1. Pet. 2.16

Ein skal prøve å leve tett til Gud og etter hans bod, for han veit kva som er best for oss, men så veit vi at når det ikkje går så står han der med opne armar.  Det er litt derfor eg er så glad i det Peter skriv her:

”Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.” 1. Pet. 5. 7

Så vi trenger ikkje streve etter å bli perfekte, vi kan faktisk berre tru på Jesus så får vi nåden når vi ikkje får det til og når vi får det til.

Privat

Mitt vitnesbyrd

«Mitt vitnesbyrd» er spalten hvor ulike mennesker får fortelle om sitt forhold til Jesus, til glede og oppbyggelse for alle oss som leser iTro.