Lese- og skriveopplæring

Lese- og skriveopplæring

I det austlege Afrika er det mange vaksne, særskild kvinner, som ikkje kan lesa og skriva. Dette ønsker NLM å gjera noko med.

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning til NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband).

Sidan sist haust har NLM samarbeidd med ein lokal organisasjon om å setta opp og å driva eit nærmiljøsenter. Her blir det tilbudt både lese- og skriveopplæring på morsmålet og kurs i grunnleggande engelskkunnskap.

Einstartar med å læra å halda ein blyant

Nyleg blei andre  runde med undervisning ved senteret satt i gang. Denne gongen er det fire fulle klassar, det vil seia til saman 80 studentar som skal koma fem dagar i veka i 3 månader.

Den eine klassen dreier seg om heilt grunnleggande lese- og skrivetrening. Her startar ein med å læra å halda ein blyant og gjenkjenna bilete og former, og i løpet av kurset er målet at studentane skal læra å lesa sitt eige språk.

Ein annan klasse er for dei som har litt meir kunnskap frå før, mellom anna har nokre av dei som tok nybegynnarklassen i vinter no gått vidare til dette neste nivået.

Dei siste to klassane er engelskundervisning, ein for kvinner og ein for menn. Det er ikkje uvanleg at folk i dette landet har eit visst nivå engelskkunnskap, men framleis kan dei fleste berre nokre få fraser.

Interessen for å læra og gjera ein innsats er imponerande

Det er stor  interesse for å læra engelsk, dette opnar mange moglegheiter for arbeid og reiser. Ved nærmiljøsenteret følger undervisninga ein metode som heiter GPA, Growing Participator Approach, der studentane lærer på same vis som små barn lærer å snakka.

Dei første vekene er fokus først og fremst på å lytta til det nye språket og å gjenkjenna einskilde ord og fraser. Det er lite fokus på skriving og grammatikk i første del av kurset, dette skal koma meir naturleg etter kvart som ein har blitt kjend med språket. Denne metoden har vist seg å vera svært effektiv, ikkje minst i munnlege kulturar som denne.

Gjennomføringa av timane  er prega av studentdeltaking, godt humør og vilje til å prøva og feila. Alt skjer med enkle midler: ei tavle, nokre ark og bilete og kvar sin blyant for studentane. Interessen for å læra og gjera ein innsats er imponerande.

Den eine timen får ein naturleg pause då studentane og lærarane finn fram bønnemattene eller går til moskeen når det er bønnetid. Dette er ein naturleg del av kvardagen. Senteret held til i det som eigentleg er eit bustadshus, og det eine soverommet er blitt lærarrom.

Det er eit arbeid som gir konkrete viktige resultat

Her er det  full aktivitet med planlegging, tilrettelegging av materiell og pausar over ein kopp søt te. Resten av huset innheld to store klasserom og eit bibliotek som snart skal opna. Her skal det vera tilgang på bøker på fleire språk og ulike nivå som heile nærmiljøet kan ha glede av. Huset har også eit kjøkken, her drøymer en om å starta matlagingskurs i framtida.

Prosjektet blir leia av NLM-utsendingar. Desse har lært opp og samarbeider tett med to lokale lærarar som gjennomfører sjølve undervisninga. Dei får alle god kontakt med studentane ettersom dei møtest fem dagar i veka, så dette er ein fin stad for utsendingane å bli kjende med fleire av dei kvinnene og mennene som bur i nærmiljøet.

Det er eit arbeid som gir konkrete, viktige resultat ved at mange menneske får læra å lesa, skriva og snakka engelsk. Gjennom dette får dei betre føresetnader for arbeid, kommunikasjon og for å tileigna seg annan kunnskap. Det er også med på å styrka situasjonen for kvinnene, som lett blir marginaliserte i denne kulturen.

Foto: John Olav Selstø