Gud i naturen

Gud i naturen

Gå ut i naturen - Gud er der allereie!

Tema

Tema for iTro i mai er Grønn.

«Det er ingenting  som tilseier at det finst ein Gud!». Utsegn som dette har eg fått høyre av mange ulike personar i samtale om Guds eksistens.

I møte med  ein slik påstand, kan det i første omgang framstå som ein logisk påstand. Gud er jo usynleg. Men er det heilt riktig å påstå at verkeleg ingenting tilseier at det finst ein Gud? Lat oss undersøke dette litt nærare.

I kristendommen snakkar  vi om to typar openberringar (åpenbaringer), to ulike måtar ein kan merke at det finst ein Gud: Den generelle openberring, og den spesielle openberring. Den generelle openberring er tilgjengeleg for alle menneske til einkvar tid, og utfordrar tanken om at ingenting tilseier at det finst ein Gud.

Men korleis kan  menneske på alle stader til einkvar tid få ein mistanke om at det kan vere ein Gud?

Skaparverket vitnar om at det er noko(n) som står bak det heile

Har du lagt  merke til korleis naturen viser seg frå si beste side no om våren? Graset går frå å vere gult, til å bli grønt. Av frosne og daude knoppar, spirar det fram grøne blad. Frå tørre kvistar kan det vekse fram saftig og frisk frukt. Tenk at du står på ein fjelltopp og ser utover alt det vakre. Og med dette vakre synet, er det ikkje lang over til spørsmålet: «Kven er det eigentleg som står bak alt dette?».

Salme 19,2 seier  det slik: «Himmelen kunngjer Guds ære, fortel om det hans hender har gjort.»

Vi kan sjå  det fleire gongar i ulike Bibeltekstar: Gud openberrer seg i det usynlege. Han viste seg for Moses i ein brennande busk, for israelsfolket som ei skystøtte om dagen og ildsøtte om natta. Ingen kan sjå Gud og leve, for Han er heilag, men han viser seg fritt for oss gjennom naturen og skaparverket.

For å bli kjent med Gud, må vi først ha hjelp av Den heilage ande

Men er denne  allmenne openberringa nok til at folk kan tru på Gud? Den kan vitne om Gud, den kan gje eit inntrykk av at Gud er stor og mektig, men det trengst meir til for å blikjent med Gud. For at vi skal bli kjent med Gud, må vi først ha hjelp av Den heilage ande og Guds ord. Den heilage ande hjelper oss til å forstå Guds ord, forkynninga vi høyrer. Og ved dette kan vi bli kjent med Jesus, som igjen viser oss kven Gud er. Dette kallast den spesielle openberring, og gjennom den blir det skapt ei tru og ein relasjon til den treeinige Gud.

Og her har  vi som kristne eit ansvar ovanfor dei vi snakkar med i kvardagen. Vi kan få vere med på den fantastiske reisa frå eit menneske undrar seg over det fantastiske skaparverket, til han eller ho anerkjenner Gud som Herre, og Jesus som sin frelsar.

For det er  mykje som tilseier at det finst ein Gud. Vi menneske treng ofte berre litt hjelp til å sjå det.

Ill.foto: